Jærmuseet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jærmuseet
Remove ads

Jærmuseet er eit norsk museum, stifta i 1985, med hovudkontor på Kvia ved NærbøJæren. Museet har avdelingar av ulik art, og har fått status som Sørvestnorsk vitensenter. Det gjev ut årboka Sjå Jæren.

Thumb
Vitensenteret Vitengarden i Hå, der administrasjonen i Jærmuseet held til.

Jærmuseet er ei stifting som er oppretta av jærkommunane Sandnes, Sola, Randaberg, , Klepp, Time og Gjesdal. Ei målsetting for museet er å samordna museumsverksemda i desse kommunane.

Underlagt Jærmuseet er:

  • Vitenfabrikken i Sandnes, eit vitensenter med fokus på realfag.
  • Vitengarden på Kvia i Hå, eit vitensenter med fokus på landbruk og natur.
  • Tungenes fyr i Randaberg, bevart slik det var på 1930-talet.
  • LimagardenÅlgård i Gjesdal, eit gardstun med bygningar frå perioden 1800–1939.
  • Grødaland i Hå, ein av dei best bevarte sjøgardane i Rogaland.
  • HaugabakkaKleppe i Klepp, bygdemuseum.
  • Varden SjøredningsmuseumOgna i Hå, eit sjøredningsmuseum.
  • Vistnestunet i Randaberg, kommunens best bevarte gardsmiljø frå slutten av 1800-talet.
  • Nasjonalt GarborgsenterBryne i Time, ein formidlingsarena for litteraturen, visjonane og livet til forfattarane Arne Garborg og Hulda Garborg.
  • Garborgheimen, Arne Garborg sin barndomsheim, på Garborg i Time.
  • KnudaheioUndheim i Time, Arne Garborg si skrivestove.
  • Science circus, vitensenter på hjul.
  • Krigshistorisk museum, ligg på Sola og formidlar livet og kvardagen under 2. verdskrigen.
  • Flyhistorisk museum på Sola.

Museumsdirektør sidan 1985 har vore Målfrid Snørteland. Totalt har Jærmuseet kring 200 000 besøkande i året.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads