Jøsenfast
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jøsenfast var namnet på ein skissert undersjøisk vegtunnel i Rogaland. Tunnelen var meint å erstatta ferjesambandet Hjelmeland–Nesvik på riksveg 13 over Jøsenfjorden.[1] Ideen vart lansert i desember 2009 og planen var at tunnelen også skulle ha ein avstikkar til Ombo der det også er ferjesamband. Planane vart lagde på is rundt 2018 fordi foreløpige undersøkingar viste at det ikkje var teknisk/økonomisk mogleg å bygge tunnelen; bru over Jøsenfjorden vart rekna som eit betre alternativ.[2] Ei bru kan verta omtrent 1300 meter lang og må byggast som ei lang hengebru, liknande Hardangerbrua, fordi Jøsenfjorden er over 400 meter djup på den smalaste staden.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads