Hengebru
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hengebru eller hengjebru er ei bru hengd opp i kjettingar eller kablar som er spende ut mellom høge pilarar eller tårn.[1]

Konstruksjon

Dei opphavlege hengebruene var laga av berre tauverk og tre, utan avstivingsberar. Slike primitive hengebruer kan lett koma i svinging.[2] Dei er spende ut mellom to høge punkt og heng ned i ein boge mot midten. Moderne hengebruer er laga med avstivingsberarar, brubjelkar som er hengde opp i berekablar.[2] Medan berekablane bøyer seg ned, er sjølve brua flat eller stigande mot toppen.
Når ein byggjer ei moderne hengebru strekk ein først berekablane over tårna. Berekablane blir forankra i grunnen, til dømes ved å sprengast inn i berg, eller til ein annan massiv konstruksjon. Ein byrjar monteringa av brubanebjelken med midtseksjonen og fortset symmetrisk mot tårna på kvar side.[2]
Sidan tårna stort sett tar opp vertikale trykkrefter, og får god støtte frå hovudkablane, kan dei vera ganske slanke – som ved Severn-brua nær Bristol i England. Hengebruer har vanlegvis minst to tårn, men det finst også bruer med berre eitt tårn, til dømes Kjerringvikstraumen bru.[2]
Remove ads
Historie

Enkle hengebruer er kjende både frå Sør- og Sentral-Amerika, særleg knytt til Inkariket, og frå Himalaya-regionen. Svært enkle hengande taubruer kunne vera av tau eller lianar der ein gjekk på eitt tau og heldt seg i eitt eller to andre. Eit meir stabilt underlag fekk ein når ein la plankar oppå to kablar.[3]
I Tibet og Kina tok ein i bruk jernkablar til å laga hengebruer, med ei slik bru over Yangtze tidfest til 600-talet. Den tibetanske munken Thang Tong Gyalpo skal ha bygd fleire jernbruer på 1400-talet, som Chakzam-brua med eit berekna spenn på rundt 137 meter. Luding-brua i Sichuan frå 1703 har eit spenn på 100 meter og heng framleis.[4]

På 1800-talet byrja ein utvikla moderne hengebruer som kunne bera tyngre køyretøy. Jacob's Creek Bridge i Westmoreland County i Pennsylvania frå 1801 var den første slike brua i USA. Ho blei utforma av James Finley,[5] som tok patent på konstruksjonen i 1808.[6] Brua blei skadd i 1825 og erstatta av ei trebru i 1833.

I Storbritannia var tidlege suksessar Union-brua over Tweed-elva (1820) med eit spenn på 137 meter, og Menai-brua frå 1826 med eit spenn på 176 meter, «den første viktige moderne hengebruar».[7]
Ved å bruka ståltau som kablar kunne ein utvida spennet att. Brooklynbrua i New York frå 1870–83 har eit spenn på 486 meter.[2] Ho blei utforma av brupioneren John A. Roebling, som også bygde ei toetasjes bru over Niagara i 1855. Dette var den første verksame hengebrua for jernbane.
Remove ads
Nokre hengebruer

- Akashi-Kaikyo-brua i Japan. 1991 meter
- Xihoumen i Kina. 1650 meter
- Storebæltbrua i Danmark. 1624 meter
- Yi-Sun sin i Sør-Korea. 1545 meter
- Runyang i Kina. 1490 meter
- Nanjing-Yangtze i Kina. 1418 meter
- Humber-brua i England. 1410 meter
- Jiang-yin i Kina. 1390 meter
- Tsing Ma-brua i Hongkong. 1377 meter
- Golden Gate Bridge i San Francisco. 1280 meter
- Akinada-brua i Hiroshima
- Chelsea-brua i London
- Brooklyn-brua i New York. 486 meter
I Noreg

- Hardangerbrua i Hardanger. 1310 meter (den lengste hengebrua i Noreg)
- Gjemnessundbrua i Gjemnes. 1257 meter
- Askøybrua ved Bergen. 850 meter
- Osterøybrua ved Bergen. 595 meter
- Sotrabrua ved Bergen. 468 meter
- Lysefjordbrua i Forsand. 446 meter
- Gamle Varoddbrua i Kristiansand. 337 meter
- Tromøybrua i Arendal. 240 meter
- Fyksesundbrua i Hardanger. 230 meter
- Alversund bru i Lindås. 198 meter
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads