JC-virus

From Wikipedia, the free encyclopedia

JC-virus
Remove ads

JC-viruset eller John Cunningham-viruset er eit nevrotropisk polyomavirus som infiserer menneske. I ulike studiar har mellom 30 og 70 % testa positivt for viruset, og det har vore estimert at eit fleirtal av menneske verda over er infiserte med det.[1][2][3]

Thumb
JC-virus er farga brunt i denne vevsprøven frå ein hjerne med progressiv multifokal leukoencefalopati

Når viruset økslar seg i oligodendrocyttar og astrocyttar i hjernen vil det gå hòl på desse sellene og føra til demyelinisering. Dette valdar sjukdomstilstanden progressiv multifokal leukoencefalopati, og råkar i hovudsak personar med nedsett immunforsvar. Dette kan til dømes vera personar med AIDS eller personar som tek immunnedsetjande medisinar (som natalizumab og rituximab), til dømes ved organtransplantasjon eller mot multippel sklerose. JC-virus kan òg valda encefalopati, hjernehinnebetennelse og tap av kornseller i veslehjernen.[3][4]

JC-viruset har eit sirkulært dobbelttråda DNA-genom på 5,13 kilobasar.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads