Jaén
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jaén (arabisk جيان, romanisert Jayyān) er ein by sør i det sentrale Spania, og provinshovudstad i provinsen Jaén i Andalucía. Namnet kjem truleg frå det arabiske ordet Jayyan («caravanekryss»).
Innbyggjarane i byen vert kalla jiennenses og han har opp under 120 000 innbyggjarar, som er om lag ein sjettedel av innbyggjarane i provinsen.
Dei siste åra har Jaén opplevd ein stor auke i kulturell turisme. Jaén er òg kjend som «verdshovudstaden for olivenolje» fordi han er den største produsenten av dette produktet. Jaén består av bratte, smale gater og er avgrensa av åsane han ligg rundt.
Jaén er det administrative og industrielle senteret i provinsen. Av industri byen finn ein kjemiske fabrikkar, garveri, distilleri, kjeksfabrikkar og tekstilfabrikkar.
![]() |
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads