Jack Orion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jack Orion er det tredje albumet til den skotske folkemusikaren Bert Jansch, og kom ut i 1966. Det inneheld fleire tradisjonelle songar, mellom anna den episke songen «Jack Orion», ein ti minuttar lang Child-ballade kalla «Glasgerion», som fortel soga om ein fiolinist som prøver å forføre grevinna ved hoffet han jobbar ved og tenaren hans som forrådar han og får han fengsla. Fleire av songane er spelt i lag med venen og gitaristen John Renbourn, og seinare spelte dei i lag i gruppa Pentangle. På «The Waggoner’s Lad» spelar Jansch banjo, medan Renbourn spelar gitar.
Melody Maker skreiv om albumet «tolkinga hans gjer at ein ser songane frå ein heilt ny vinkel. Sungen av han, med glimrande akkompagnement, verkar ikkje den brutale verda som skapte dei gamle balladen særleg langt borte.»[1]
Songen «Black Water Side» vart sidan spelt av Led Zeppelin og Sandy Denny.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads