Jacob A. Riis

amerikansk skribent og fotograf From Wikipedia, the free encyclopedia

Jacob A. Riis
Remove ads

Jacob August Riis (fødd 3. mai 1849 i Ribe, død 26. mai 1914) var ein dansk-amerikansk journalist, sosial reformator, føredragshaldar, fotograf, forfattar og filantrop.

Kjappe fakta

Etter å ha utdanna seg til tømrar emigrerte han til USA i 1870. Her arbeidde han mellom anna som tømrar og gruvearbeidar før han blei journalist og arbeidde som krimreportar i over 30 år. I tida som arbeidslaus opplevde han med sjølvsyn tilhøva for dei fattige, eller «den andre helvta», "The Other Half", som han sjølv sa det. Han byrja å ta bilete av slumstroka i storbyen New York. Bileta blei brukt i den fotojournalistiske boka How the Other Half Lives, og medverka til å setje ein ny sosial dagsorden i USA. Han gjorde også ein monaleg filantropisk innsats, delvis saman med venen og seinare president Theodore Roosevelt.

Thumb
Bandit's Roost av Jacob Riis, 1888, frå How the Other Half Lives. Dette fotoet viser Bandit's Roost på 59½ Mulberry Street, på den tida den mest kriminalitetsråka og farlege staden i New York City

Saman med amerikanaren Lewis Hine (1874 - 1940) blir Riis rekna som den fyrste eigentlege dokumentarfotografen. Etter at han døydde fekk ein samskipnad med det føremål å hjelpe danskar i Amerika namn etter han.

10. august 1900 blei han Ridder av Dannebrog.[1]

Remove ads

Bibliografi

  • How The Other Half Lives (1891)
  • The Children of the Poor (1892; ny utgåve, 1902)
  • Out of Mulberry Street (1896),
  • A Ten Years' War (1900)
  • The Making of an American (1901; ny utgåve, 1913)
  • The Battle with the Slum (1902)
  • Children of the Tenements (1902)
  • The Peril and the Preservation of the Home (1903)
  • Theodore Roosevelt, the Citizen (1904)
  • The Old Town (his birthplace) (1909)
  • Hero Tales of the Far North (1910)
  • Neighbors: Life Stories of the Other Half (1914)
Remove ads

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads