Jacob Grimm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jacob Ludwig Karl Grimm (4. januar 1785–20. september 1863) var ein tysk folkeminne- og språkforskar, fødd i Hanau i den dåverande landgrevskapen Hessen-Kassel. Han vert rekna som grunnleggjaren av tysk filologi. Livsverket hans er nært knytt til den eitt år yngre broren Wilhelm Grimm, og dei vert ofte nemnde for Brødrene Grimm.
Remove ads
Liv
Jacob Grimm studerte rettsvitskap i Marburg og frå 1805 litteratur i Paris. I 1808 fekk han stilling som bibliotekar hos kong Jérôme Bonaparte av Westfalen og berga mange handskrift frå å verte sende til Paris. Frå 1813 var diplomat i hessisk teneste, var tilstades under Wienkongressen. 1816 fekk han stilling som underbibliotekar i Kassel. Etter å ha vorte forbigått ved ei utnemning, reiste han i 1830 til Göttingen og arbeidde som professor og bibliotekar. I 1837 vart han forvist frå Hannover-staten etter å ha protestert mot opphevinga av den hannoveranske landdagen. Han vart i 1840 kalla til Berlin som medlem av vitskapsakademiet. I 1848 vart han vald inn i nasjonalforsamlinga i Frankfurt som tilhengar av Preussen sitt førarskap i samlinga av Tyskland.[1] Grimm døydde i Berlin.
Remove ads
Virke
Jacob Grimm og broren Wilhelm gav saman ut Kinder- und Hausmärchen (1812–15), den fyrste vitskaplege utgåva av tyske folkeeventyr. Dei gav òg ut talrike eldre tyske verk i tidsskriftet Altdeutsche Wälder (1813–15) og i Deutsche Sagen (1816–18). Begge deltok i arbeidet med det tyske ordboksverket Deutsches Wörterbuch. Dei tre fyrste banda i ei ordbok på 33 band, som vart fullført i 1961, kom ut medan Jacob Grimm levde. Jacob stod elles bak verka «Über den altdeutschen Meistergesang» (1811), «Deutsche Rechtsaltertümer» (1828), «Reinhard Fuchs» (1834), bondevektene «Deutsche Weistümer» (1840–78), «Geschichte der deutschen Sprache» (1848) og dei to grunnleggjande verka Deutsche Grammatik (1819–37) og Deutsche Mythologie (1835).[1]
Remove ads
Verk
Under er ei komplett liste av verka Grimm gav ut separat. Dei han gav ut med bror sin er merka med stjerne (*)
- Über den altdeutschen Meistergesang (Göttingen, 1811)
- *Kinder- und Hausmärchen (Berlin, 1812–1815) (mange utgåver)
- *Das Lied von Hildebrand und des Weissenbrunner Gebet (Kassel, 1812)
- Altdeutsche Wälder (Kassel, Frankfurt, 1813–1816, 3 bd.)
- *Der arme Heinrich von Hartmann von der Aue (Berlin, 1815)
- Irmenstrasse und Irmensäule (Wien, 1815)
- *Die Lieder der alten Edda (Berlin, 1815)
- Silva de romances viejos (Wien, 1815)
- *Deutsche Sagen (Berlin, 1816–1818, 2. utg., Berlin, 1865–1866)
- Deutsche Grammatik (Göttingen, 1819, 2. utg, Göttingen, 1822–1840) (reprinted 1870 by Wilhelm Scherer, Berlin)
- Wuk Stephanowitsch' Kleine Serbische Grammatik, verdeutscht mit einer Vorrede (Leipzig og Berlin, 1824)
- Zur Recension der deutschen Grammatik (Kassel, 1826)
- *Irische Elfenmärchen, aus dem Englischen (Leipzig, 1826)
- Deutsche Rechtsaltertümer (Göttingen, 1828, 2. utg., 1854)
- Hymnorum veteris ecclesiae XXVI. interpretatio theodisca (Göttingen, 1830)
- Reinhart Fuchs (Berlin, 1834)
- Deutsche Mythologie (Göttingen, 1835, 3. utg, 1854, 2 band.)
- Taciti Germania edidit (Göttingen, 1835)
- Über meine Entlassung (Basel, 1838)
- (i lag med Johann Andreas Schmeller) Lateinische Gedichte des X. und XI. Jahrhunderts (Göttingen, 1838)
- Sendschreiben an Karl Lachmann über Reinhart Fuchs (Berlin, 1840)
- Weistümer, Th. i. (Göttingen, 1840) (halde fram, delvis av andre, i 5 delar, 1840–1869)
- Andreas und Elene (Kassel, 1840)
- Frau Aventure (Berlin, 1842)
- Geschichte der deutschen Sprache (Leipzig, 1848, 3. utg., 1868, 2 bd.)
- Des Wort des Besitzes (Berlin, 1850)
- *Deutsches Wörterbuch, Bd. i. (Leipzig, 1854)
- Rede auf Wilhelm Grimm und Rede über das Alter (Berlin, 1868, 3. utg, 1865)
- Kleinere Schriften (F. Dümmler, Berlin, 1864–1884, 7 vols.).
- vol. 1 : Reden und Abhandlungen (1864, 2. utg. 1879)
- vol. 2 : Abhandlungen zur Mythologie und Sittenkunde (1865)
- vol. 3 : Abhandlungen zur Litteratur und Grammatik (1866)
- vol. 4 : Recensionen und vermischte Aufsätze, part I (1869)
- vol. 5 : Recensionen und vermischte Aufsätze, part II (1871)
- vol. 6 : Recensionen und vermischte Aufsätze, part III
- vol. 7 : Recensionen und vermischte Aufsätze, part IV (1884)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads