Jacob Jervell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jacob Stefan Jervell (21. mai 1925–2. mars 2014) var ein norsk teolog, professor emeritus, forfattar og prest.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Jervell blei dr.theol. på avhandlinga Imago Dei i 1959, og var frå 1960 til 1988 professor i bibelvitskap ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Frå 1997 gjorde han i ein treårsperiode teneste som Professor II ved Universitetet i Tromsø. Han hadde òg gjesteprofessorat blant anna ved universiteta i Yale i USA og i Århus i Danmark.
Jervell takka i 1978 nei til førespurnaden om å bli biskop i Den norske kyrkja. Han var internasjonalt kjend som ekspert på nytestamentlege skrift, og var ein av Noregs mest markante teologar og samfunnsdebattantar. I delar av kyrkja blir han rekna som kontroversiell - og høyrer til den såkalla «liberale fløya».
Remove ads
Heidersteikn
- Riddarkrossen av St. Olavs Orden, tildelt 25. august 2000
Bakgrunnsstoff
- Erling Rimehaug : «Jacob Jervell er død» Arkivert 2014-03-03 ved Wayback Machine. på vl.no (Vårt Land)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads