Jadeidi-Makr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jadeidi-Makr
Remove ads

Jadeidi-Makr eller Makr-Jadeidi (hebraisk גֻ'דֵידָה-מַכְּר; arabisk مكر جديده) er ein arabisk lokal kommune som vart danna då to arabiske byar, Makr og Jadeidi, vart slått saman i 1990. Han ligg nokre få kilometer aust for byen Akko i Nord distrikt.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde den lokal kommunen i 2008 eit folketal på 18 200[1], der 90% var muslimar og kring 10 % kristne.[2]

Namnet Jadeidi tyder «den nye» og Makr tyder «hovudkvarter». Sistnemnde fekk dette namnet fordi han vart nytta som hovudkvarter for den romerske armeen under kringsetjinga av Akko.[2]

Under namna Makr Harsin og al Hudeidah, vart Makr og Jadeidi nemnde som ein del av området til krossfararane under hudnaen mellom krossfararane basert i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun) som vart oppretta i 1283.[3]

Al-Makr vart erobra av det israelske forsvaret under den første delen av Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948,[4] og vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Remove ads

Kjelder

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads