Jahn-Arill Skogholt

forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jahn-Arill Skogholt (30. desember 194319. april 2007) var ein norsk forfattar frå Storfjell i Vågan kommune. Han er mest kjend for visa «Bygdevisa» betre kjent som «Kor e hammaren, Edvard». Han skreiv alt frå viser og dikt til biografiar og fantasyromanar.

Kjappe fakta

Fordi eg vil bu utmed havet
og fiske min eigen fisk,
så er eg ei bør for dei mange
som kjøper alt over disk

Dei har ein gud som dei kallar
for nasjonalprodukt
Og han likar olje og bilar
betre enn fisk og frukt.

«Song frå ein utkant»
Kor e hammaren, Edvard?

Skogholt var utdanna cand.mag. med faga statsvitskap, offentleg rett og offentleg administrasjon. Han var skrivar i Noregs Mållag i 1971-1973, og arbeidde elles mellom anna som kultursekretær i Vestvågøy kommune.[1]

Han fekk Blix-prisen i 1987.

Remove ads

Bibliografi

Sakprosa

  • Ein skolemålsstrid i Bygde-Norge saman med Andreas Hompland (1974)
  • Kvinnfolk i Lofoten saman med Liv Marie Austrem(1987)
  • Eivind Bolle : lofotfiskar ved kongens bord (1993)

Skjønnlitteratur

  • Kor er hammaren, Edvard? : ein distriktspolitisk pamflett (viser og songar, 1977)
  • I havherrens land (roman, 1987)
  • Grågud og Kvitekrist (roman, 1999)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads