Jailbreak av AC/DC

From Wikipedia, the free encyclopedia

«Jailbreak» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Han er det niande og siste sporet på det tredje australske albumet deira, Dirty Deeds Done Dirt Cheap, gjeve ut i september 1976. Songen kom ikkje ut i Nord-Amerika før i 1984. Han var skriven av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Jailbreak
Singel av AC/DC
frå albumet Dirty Deeds Done Dirt Cheap and the EP '74 Jailbreak
B-side
Språk engelsk
Utgjeve 14. juni 1976
Innspelt January 1976
Studio Albert (Sydney)
Sjanger Hardrock
Lengd 4:36
Selskap Albert
Tekstforfattar Malcolm Young, Angus Young
Låtskrivar(ar)
Produsent
AC/DC-kronologi 
«T.N.T.»
(1976)
Jailbreak «Dirty Deeds Done Dirt Cheap»
(1976)


Lukk

Utgivingar

Han vart først gitt ut som singel i Australia og Storbritannia i midten av 1976, med ikkje-albumsporet «Fling Thing» som B-side. Singelen vart gitt ut på nytt i Storbritannia i 1980 med biletomslag.[1]

Ettersom «Jailbreak» berre var inkludert på den australske versjonen av Dirty Deeds Done Dirt Cheap, og ikkje på den internasjonale versjonen, vart han ikkje gitt ut i USA, Canada og Japan før i oktober 1984 som ein del av den internasjonale EP-en 74 Jailbreak og som ein amerikansk singel, med «Show Business» som B-sida.

Liveinnspelingar

«Jailbreak» vart inkludert på konsertalbumet Live: 2 CD Collector's Edition frå 1992, sunge av erstattaren til Bon Scott, Brian Johnson. Denne liveinnspelinga inneheld òg utvida gitarsoloar av Angus Young. Ein annan versjon, spelt inn i Dallas i 1985, òg sunge av Johnson, vart inkludert på 12"-versjonen av singelen «Shake Your Foundations». Heile versjonen på 13:22 vart seinare inkluderte på samlealbumet Backtrack frå 2009.

Versjonen frå showet på Live at Donington er inkludert i AC/DC Live: Rock Band Track Pack.

Video

Musikkvideoen til «Jailbreak» vart filma i mars 1976 for det australske musikkprogrammet Countdown. Filmen vart regissert av Paul Drane i eit steinbrot i Melbourne-forstaden Albion, nær Sunshine.[1][2] Videoen viste den dåverande besetninga til bandet spela songen. Angus Young er kledd i det han seinare skildra som «liten fangepyjamas», Bon Scott og Phil Rudd er kledd i blå fangeuniform dekt med typisk australsk Broad Arrow, og Malcolm Young og Mark Evans er kledd som vaktar.[3]

I tillegg speler bandet den delen av songen som skildra flukta til hovudpersonen frå fengselet. Filmen viser fangane (Scott, Angus og Rudd) i hardt arbeid under oppsyn av fangevaktarane (Malcolm og Evans). Seinare klarer fangane å sprengja opp portane til fengselet. Rudd og Angus klarer å rømma, men Scott blir skoten av Malcolm og Evans då han prøver å gjera det same. Videoen er dubba med studiosporet frå albumet Dirty Deeds Done Dirt Cheap[4].

«Jailbreak» er ein av dei første videoane som bruker eksplosiv og falskt blod. Drane er sitert på å seia: «Me visste eigentleg ikkje kor mykje [sprengstoff] me kom til å trenga for å få dørene til å flyga opp, og eg hadde eit par karer frå rekvisitt med pinnar som prøvde å skyva dørene frå kvarandre, så hengsla er eigentleg ikkje der ... Det var første gong me hadde tilgang til noko slikt, desse eksploderande blodpakkane».

Denne videoen var med på AC/DC-DVD-en Family Jewels. Ein alternativ video, der bandet berre speler på ei scene, vart òg filma og er tilgjengeleg i boksen Backtrack.

Medverkande

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1976), Plassering ...
Vekesliste for «Jailbreak»
Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6][7] 10
Lukk

Årslister

Meir informasjon Liste (1976), Plassering ...
Årsliste for «Jailbreak»
Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 63
Lukk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.