Songen T.N.T.
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«T.N.T.» er ein song gitt ut i 1975 av det australske hardrockbandet [[AC/DC] på det australske albumet deira T.N.T. og den internasjonale versjonen av High Voltage. Han vart gitt ut som singel i 1976 og var skriven av Bon Scott, Angus Young og Malcolm Young. Songen nådde ein 19. plass på den australske Kent Music Report-lista.[1] Tittelen på songen er ein referanse til den eksplosive kjemikalien TNT.
Ei lett modifisert linje frå songen, «Lock up your daughters», vart brukt som tittel på den første, større turneen til AC/DC i Storbritannia i 1976 etter at bandet flytta frå Melbourne i Australia til London tidlegare same år. «T.N.T.» dukka seinare opp på Live og Live: 2 CD Collector's Edition, med Brian Johnson som vokalist.
I januar 2018 vart songen rangert på 81. plassen på lista til Triple M over «dei mest australske» songane gjennom tidene, kalla «Ozzest 100».[2]
Remove ads
Medverkande
- Bon Scott – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Mark Evans – bassgitar[3]
- Phil Rudd – trommer
- Harry Vanda – produsent
- George Young – produsent
Salslister
Salstrofé
Anthrax-versjonen
Anthrax spelte ein versjon av songen i 2013 på cover-EP-en deira Anthems. Dei debuterte songen live 21. februar 2013 på The Hifi i Brisbane i Australia i forkant av Soundwave. Seinare på turneen deira i USA vart Slash og Kirk Hammett (på separate konsertar) med på denne songen.[11][12]
Remove ads
Andre versjonar
- Det amerikanske death metal-bandet Six Feet Under spelte inn ein versjon av songen for albumet deira Graveyard Classics.
I popkulturen
- Anthrax-versjonen av songen er brukt som målsong for Calgary Flames.
- Songen vart spelt i reklamar for filmen Napoleon Dynamite frå 2004.
- Songen er med på lydsporet og introen til rullebrettspelet Tony Hawk's Pro Skater 4 frå 2002.[13].
[14] Etter 11. september-åtaka vart songen inkludert på ei vidt distribuert Clear Channel-liste over potensielt opprørande songar[15].
- Songen er med i filmen Talladega Nights: The Ballad of Ricky Bobby frå 2006.
- Songen høyrest i NASCAR on TNT frå 2010-2014.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads