Jak

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Jak
Remove ads

Jak er eit langhåra pattedyr som minner veldig om ein okse. På tibetansk viser ordet jak eigenleg berre til hannen, og ein hojak heiter dri eller nak. På norsk seier ein jak om begge kjønn, medan hanndyret kan kallast jakokse. Ville jakar blir nesten to meter lange, medan tamme jakar er ca halvparten så lange. Begge typane har langt hår for å verne seg mot kulde. Ville jakar er anten svarte eller brune, medan tamme jakar òg kan vere kvite. Det er berre hos dei tamme at det kan finnast albinoar.

Kjappe fakta
Remove ads

Ville jakar

Ville jakar kan vege opp mot 1000 kg. Dei lever vanlegvis i grupper på 10-30 dyr på trelause fjell, platå og på toppar som er mellom 3200 og 5400 meter over havet.

Thumb
Pynta tamjakar i Tibet.

Tamme jakar

Jakar blir haldne som husdyr på grunn av at dei har mjølk, god og varm pels ein kan lage klede av og at ein kan bruke dei som arbeidsdyr som til dømes å pløye eit jorde. Dei transporterer ofte gods i fjella for bønder. Mjølka til jaken blir ofte brukt til å lage ost av.

Det finst òg kryssingar av jakar med storfe. Desse blir kalla dzo.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jak
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Bos grunniens
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads