Jaki Liebezeit
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jaki Liebezeit (26. mai 1938–22. januar 2017)[1] var ein tysk trommeslagar og truleg mest kjend som ein av musikarane som starta Can. Han er blitt kalla «ein av få trommeslagarar som på overtydande vis kan blande det som er funky med det som er intellektuelt».[2]
I midten av 1960-åra var han medlem av kvintetten til Manfred Schoof, som var tidlege eksponentar for europeisk frijazz.[3]
Han flytta seg så mot dei nye høva som opna seg med psykedelisk musikk som medlem av Can. Tromminga hans var ein viktig del av stilen til bandet, særleg på songar som «Halleluhwah» på Tago Mago. Liebezeit er mest kjend for den eksepsjonelle «metronom-stilen» hans og dei andre medlemmane i Can har sagt at han høyres ut som «halvt menneske, halvt maskin».
I 1980 vart han medlem av Phantomband,[3] og har danna tromme-ensemble som Drummers off Chaos og Club off Chaos.[3] Seinare har han spelt med mange andre musikarar, som Jah Wobble[3] og Philip Jeck, Depeche Mode på albumet Ultra og Brian Eno på albumet Before and After Science. I nyare tid har han arbeidd med Burnt Friedman på Secret Rhythms og Schiller på Atemlos.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads