Jakoar

slekt av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jakoar
Remove ads

Jakoar (Psittacus) er ei biologisk slekt av mellomstore papegøyar. Slekta inneheld to artar, gråjako og sotjako. Dei lever vilt innanfor eit område i Afrika frå sørlege Guinea til vestlegaste Kenya. Begge artane er klassifiserte som sterkt truga (EN) av Verdas naturvernunion, IUCN.

Kjappe fakta

I mange år vart sotjako klassifisert som underart av jako, med vitskapleg namn P. e. timneh. I 2012 godkjente BirdLife International dei to taksona som separate artar på grunnlag av genetiske og morfologiske trekk, fjørdrakt og vokale ulikskapar.[1][2]

Thumb
Gråjako, Psittacus erithacus

Desse papegøyane lever i låglandsskog, galleri- og savanneskogar i Vest- og Sentral-Afrika. Dei lever hovudsakleg av palmenøtter, frø, frukt og anna plantebasert føde, men har også vorte observert å ete sniglar. Tilhugen og evna til å etterlikne tale og andre lydar har gjort dei til populære burfuglar, jakoar er vanlege burfuglar også i Noreg.

Remove ads

Taksonomi

Slekta Psittacus vart introdusert i 1758 av den svenske naturforskaren Linné i den tiande utgåva av hans Systema Naturae.[3] Slektsnamnet er latin for «papegøye».[4] Linné inkluderte alle dei 37 av dei då kjende papegøyane i slekta, og gråjako (Psittacus erithacus) var utpeika som typearten.

Psittacus etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[7]

  • Gråjako, Psittacus erithacus, Grey parrot, Linnaeus, 1758, (EN)
Lever frå Elfenbeinskysten til vestlegaste Kenya, kroppslengd på ca. 33 cm, grå med raud hale
  • Sotjako, Psittacus timneh, Timneh parrot, Fraser, 1844, (EN)
Langt meir avgrensa utbreiing frå sørlege Guinea til søraustre Elfenbeinskysten. Noe mindre enn sotjako, og halen er mørk raudbrun.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads