Jakob Poulsen

dansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jakob Poulsen
Remove ads

Jakob Poulsen (fødd 7. juli 1983 i Varde sør på Jylland) er ein dansk fotballspelar, som spelar for FC Midtjylland i den danske fotballigaen, og for det danske landslaget.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fødd ...
Remove ads

Klubbkarriere

Poulsen begynte å spela fotball i Næsbjerg, før han gjekk til Esbjerg. I 2006 vart han selt til nederlandske Heerenveen. Sommaren 2008 fekk han veta at han ikkje var med i framtidsplanane for førstelaget til Heerenveen, og han fekk gå til AGF i Århus, der han skreiv under på ein fireårskontrakt.

Landslagskarriere

I januar 2009 kom Poulsen med i ein dansk ligalandslagstropp til ein bortekamp mot Thailand. Her gjorde han så godt inntrykk at han vart teken ut til det danske A-landslaget til ein venskapskamp mot Hellas, 4. februar 2009. Han vart då den første AGF-spelaren på A-landslaget på 12 år. Han debuterte som innbytar på ein uvant høgreback-plass 60 minutt ut i kampen. Seinare på våren fekk han spela i VM-kvalifiseringskampen mot Albania, og då nokon etablerte landslagsspelarar måtte melda fråfall til den avgjerande kvalifiseringskampen mot Sverige i juni same året, fekk Poulsen sin debut frå start. Han fekk gjennombrotet sitt på landslaget i eit 1-2-tap mot Chile 12. august 2009, då fleire kommentatorar utropte han til den beste danske spelaren. I den sjuande landskampen sin vart Poulsen matchvinnar då han sikra Danmark si kvalifisering til fotball-VM i 2010 med målet som gav 1-0-siger til Danmark over Sverige.

Remove ads

Kjelder

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå dansk wikipedia 12. april 2010.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads