Jakoruda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jakoruda (bulgarsk Якоруда) er ein by og ein kommune i provinsen Blagoevgrad sørvest i Bulgaria. Kommunen omfattar byen Jakoruda og sju andre busetnader. Byen ligg ved elva Mesta i Rodopifjella, 26 km vest for Velingrad.
Jakoruda fekk bystatus 9. september 1964. Tidlegare var han offisielt rekna som ein landsby. Fleirtalet av innbyggjarane i byen er bulgarske muslimar (pomakar), medan resten for det meste er ortodokse kristne.
Kommunen har eit areal på 339 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 9 581 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 4 910 innbyggjarar.[2]
Remove ads
Busetnader i kommunen
Dei største busetnadene i kommunen er:
Kjende personar frå Jakoruda
- Emilia Maslarova, bulgarsk minister
Utmerkingar
Yakorudabreen på Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis er kalla opp etter Jakoruda.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Yakoruda» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2015.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads