Jakov Fak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jakov Fak (fødd 1. august 1987) er ein kroatisk-slovensk skiskyttar fødd i Rijeka som har vunne to VM-gull i skiskyting, fyrst på 20 km i 2012 og så på 15 km fellesstart i 2015. Han tevla for Kroatia til 2010, sidan har han representert Slovenia.
Remove ads
Fak overraska stort då han tok bronsemedaljen på 20 km under VM i skiskyting 2009 i koreanske Pyeongchang. Etter framifrå skyting og fin fart i sporet, tok han Kroatias første VM-medalje i skiskyting bak vinnaren Ole Einar Bjørndalen og tyske Christoph Stephan på andreplass. Til dess hadde Fak aldri vore mellom dei ti beste i noko verdscuprenn. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver sikra han seg ein ny bronsemedalje, då på 10 km.
I november 2010 fekk Fak slovensk statsborgarskap og har sidan representert Slovenia. Under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding kunne han for fyrste gong klive høgst på sigerspallen, og då som verdsmeister på 20 km. I VM i skiskyting 2013 i tsjekkiske Nové Město tok han bronse på 10 km, VM-gullet tok norske Emil Hegle Svendsen med seg. Med to strafferundar skaut Fak seg ut av gullkampen på 15 km fellesstart under vinterleikane 2014 i Sotsji. Kampen om sigeren vart eit durabeleg oppgjer mellom Svendsen og franske Martin Fourcade med den fyrstnemnde som vinnar, Fak enda på fjerdeplassen.

Avslutningsdagen under VM 2015 i Khanty-Mansijsk gjekk Fak ut frå siste skyting på fellesstarten i tet med tre andre utøvarar. Han lukkast ta heim sigeren i tevlinga med ei sterk avslutning.
Perioden mars 2012 til mars 2015 vann han åtte renn i verdscupen i skiskyting.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jakov Fak» frå Wikipedia på tysk, den 22. mars 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads