Jambol

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jambol
Remove ads

Jambol eller Yambol (bulgarsk Ямбол) er ein by og ein kommune i provinsen Jambol i Bulgaria. Kommunen omfattar berre sjølve byen Jambol.

Kjappe fakta Land, Provins ...

Byen ligg på båe sider av elva Tundzja i det historiske landskapet Thrakia.

Remove ads

Areal og folketal

Kommunen har eit areal på 91 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 61 766 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Jambol høyrer heile kommunen Jambol i tillegg til kommunen Tundzja.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 82 933.[2]

Den einaste busetnaden i kommunen er:

Meir informasjon Busetnad, Bulgarsk namn ...
Remove ads

Historie for byen og området

Området rundt Jambol har hatt busetnad sidan neolittisk tid. Dagens Jambol blei fyrst grunnlagd som ein romersk by i år 293 av den romerske keisaren Diokletian, under namnet Diospolis. Med den bulgarske voksteren på slutten av 500-talet og skipinga av det fyrste bulgarske riket i 681, blei Jambol, saman med heile område sør for Balkanfjella (det antikke Hemus), ein del av Bulgaria på byrjinga av 700-talet.

I 1373 blei Jambol erobra av tyrkarane og underlagt det osmanske riket, og byen voks til eit viktig regionalt senter. Byen blei gjort fri av russarane i 1878, og blei ein del av det autonome Aust-Rumelia, som seinare, i 1886 blei sameint med resten av Bulgaria (dagens bulgarske stat).

Remove ads

Verd å sjå

Byen husar fleire historiske attraksjonar frå det osmanske riket, blant anna ein moské og ein tyrkisk basar frå byrjinga av 1500-talet. Området rundt byen er òg blant dei rikaste i Bulgaria på arkeologiske utgravingsstader.

Vennskapsbyar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads