James Chadwick
britisk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
James Chadwick (20. oktober 1891–24. juli 1974) var ein britisk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1935 «for oppdaginga av nøytronet».[1]
Han studerte 1913-1914 hos Hans Geiger i Tyskland og sat internering internert der under den første verdskrigen. Frå 1919 arbeidde han hos Ernest Rutherford ved Cavendish Laboratory i Cambridge og utførte eit pionerarbeid innan kjernefysisk forsking. Størst tyding fekk oppdaginga hans av nøytronet i 1932, eit arbeid han fekk Nobelprisen i fysikk for i 1935. 1935–1948 var han professor i Liverpool og deretter (1948–59) professor i Cambridge. Alt i 1939 byrja han å undersøkja høvet for å lage ei kjernefysisk bombe. Under krigen var han leiar for den britiske gruppa som deltok i Manhattanprosjektet, der han medverka til utviklinga av atombomba som seinare vart sleppt over Hiroshima under andre verdskrigen.
Remove ads
Utmerkingar og prisar (utval)
- 1966 – Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste
- 1950 – Faradaymedaljen
- 1950 – Copleymedaljen
- 1935 – Nobelprisen i fysikk
- 1932 – Hughesmedaljen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads