Jammin' Me
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Jammin' Me» er den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough), ein album av Tom Petty and the Heartbreakers frå 1987. Songen er skriven av Bob Dylan, Tom Petty og Mike Campbell. Heartland rock-songen er gjeven ut på samlealbuma Playback og Anthology: Through the Years.
Remove ads
Bakgrunn og tekst
På True Confessions-turneen mellom Tom Petty og Bob Dylan (som begge seinare vart med i Traveling Wilburys), samarbeidde på denne songen, som vart opningssporet på albumet.[1] Songen handlar om ein mann som er «overvelda av «dei mange usamanhengande nyhendene som vert skapt i feilinformasjonsalderen»[2] og inneheld ein «vaskesetel»[1] av kjendisar i 1980-åra som Eddie Murphy, Joe Piscopo og Vanessa Redgrave, og eplet i auga til den unge Steve, er truleg ein referanse til Steve Jobs.[1] Noko av teksten kom frå Dylan og Petty som plukka ord ut av ei avis og frå fjernsyn.[3]
Remove ads
Utgjeving og mottaking
«Jammin' Me» vart gjeven ut som den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough) i 1987. Han nådde førsteplassen av Billboard Album Rock Trackslista og 18. plassen på Billboard Hot 100.[4] Han vart den tredje singelen til Petty som nådde toppen av Album Rock-lista (seinare kalla Mainstream Rock) og låg der i fire veker.[5] Kritikarane likte generelt singelen og Allmusic samanlikna han med Rolling Stones-songen «Start Me Up» og skreiv «den fantastiske grooven er særs smittande».[1] Rolling Stone likte dei «rå gitarakkordane» til Petty og Campbell og «honkytonk-pianoet» til Benmont Tench.[2]
Remove ads
Medverkande
- Tom Petty - solo- & korvokal
- Mike Campbell - solo- & rytmegitarar, bassgitar, perkusjon
- Benmont Tench - piano, organ
- Stan Lynch - trommer, perkusjon
- Howie Epstein - bass
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads