Jan-Magnus Bruheim

norsk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Jan-Magnus Bruheim
Remove ads

Jan-Magnus Bruheim (15. februar 191410. august 1988) var ein norsk forfattar som skreiv lyrikk og barnebøker.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk. Etter skulen fylgde nokre år med gardsarbeid, før han i 1957 starta opp som lærar i Vågå. Frå 1958 til 1961 var han lærar på Øygardskulen i Skjåk.

Skulesentraliseringa på 1960-talet gjorde at han slutta i skulevesenet, men han heldt fram med opplysningsarbeid i mange år, og besøkte grunnskular og folkehøgskular over heile landet med kåseri og opplesing.

Jan-Magnus Bruheim reiste mykje i Europa og gjesta Amerika og Sovjetunionen som medlem i ein norsk freds- og kulturdelegasjon.

Bruheim skreiv lyrikk, barnebøker og ein roman. Han utvikla seg frå å vere ein konvensjonell sentrallyrikar til ein utprega etisk-religiøs diktar.

I 1978 flytte han til lærarbustaden i skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, barneboka Den kvite hjorten og diktsamlinga Flo og Fjøre. I 1954 vann han Sunnmørsprisen for Ord gjennom larm. I 1972 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris frå Noregs Mållag. Bruheim hevda at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet hans.

Bruheim kom attende for godt til Skjåk 1985, da han kjøpte Vyuli frå garden Eide, og busette seg der. Han døydde i heimen sin i 1988.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

Notar - eit utval

  • 1946 Togni : op. 8 (Drammen: Lyche)  [Torbjørn Knutsen]
  • 1976 200 Streili-tonar (Trondheim: Rune)  [Ragnar Streitlien]
  • 1991 Solmorgon på havet : for blandet kor (Oslo: Norsk musikkforlag)  [Christian Killengreen]

Tonesette dikt - eit utval

  • 2009 Den kvite hjorten (Lomen: Talik)  [Lydopptak / Tindra med Helge Jordal.]
  • 2014 Brevet til kjærleiken (Oslo: Grappa)  [Lydopptak / Sigrid Moldestad]

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval

Remove ads

Tekstar om Jan-Magnus Bruheim

  • 1956 Tretten norske lyrikere : essays om poesi og livsholdning (Oslo: Dreyer) I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Carl Fredrik Prytz. Av innhaldet: Jan-Magnus Bruheim, s. 35-46.]
  • 1978 Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur. 1978 (Oslo: Lunde). ISBN 82-520-3639-2  [Redigert av Audun Thorsen. Av innhaldet: Jan-Magnus Bruheim - eit forfattarportrett, s. 124-158.]
  • 1982 Å skrive for barn : 17 barnebokforfattarar presenterer seg (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Tone Birkeland]
  • 2014 Dikt i utval (Skjåk: Skjåk kommune)  [Av innhaldet: Jan-Magnus Bruheim : forfattarskapen, Bruheimen og Botnane / Magni Øvrebotten, Jan og Jan-Magnus : diktar og bygdekar / Ivar Teigum, Einsemd og draum, ansvar og fellesskap : om Jan-Magnus Bruheims lyriske forfattarskap /Ove Eide, Føreord / Ove Eide, 100 år og like god / Sigrun Eide]
  • 2014 Jan-Magnus Bruheim - skjebne, psyke, natur : en essayisk (sic) forfølgelse (Oslo: Cogito)  [Forfattar: Ole-Harald Dahl]

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads