Ove Eide

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ove Eide
Remove ads

Ove Lidvar Eide (fødd 1. september 1950 Sandane) er ein norsk forfattar, bokredaktør, lektor og kulturarbeidar frå Sandane i Gloppen kommune. Han har gått inn for å formidla diktaren Jakob Sande, mellom anna gjennom ein biografi.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Ove Eide tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Bergen, der han tok for seg forfattaren Lars Rustbøle. Sidan skuledagane har han hatt eit nært tilhøve til Jakob Sande, og Eide har lenge redigert og bidrege til utgjevingane om Jakob Sande som Jakob Sande-selskapet kjem med annakvart år.

Eide sin store biografi over Jakob Sande, som kom ut i 2006, har vore eit livsprosjekt for han. Per Olav Kaldestad frå Bergens Tidende meinte at boka «fortener å bli ståande som standardverket om forfattaren». Boka fekk mykje publisitet for Eide si misnøye med Jon Eikemo sine Sande-tolkingar. Eide meinte at Eikemo hadde framstilt Sande som ein moromann, og at skodespelaren hadde fortrengt den mørke straumen av einsemd og fortaping i Sande si dikting. Dette tok media tak i og Eide måtte forklare seg nærare i både radio og aviser.[1]

Eide har også samla idrettslaget Sandane Turn og Idrettslag si hundreårige historie mellom to permar. Boka kom ut to år etter jubileumet. Han er også mykje brukt som bokmeldar.

Eide var lektor i norsk og mediefag ved Firda vidaregåande skuleSandane i Sogn og Fjordane, og hadde stilling som utviklings- og fornyingsleiar. Han har også har hatt ei rekkje tillitsverv i organisasjonar, mellom i anna Nordfjord Folkemuseum. Han sit dessutan i utvalet for utvikling av norskfaget, og var medlem av læreplangruppa for norsk og aktiv i arbeidet med dei nye læreplanane for norskfaget i Kunnskapsløftet. Ove Eide har også vore medlem av Språkrådet sitt fagråd for skule og offentleg forvalting.[2]

Remove ads

Bibliografi

Bøker

  • 1993 Heimland. Novellesamling i høve avishuset Firda 75 år (Førde: Avishuset Firda)  [Red.: Ove Eide]
  • 1994 Vegar i Jakob Sandes dikting : arbeidsbok med forslag til særemneopplegg, bibliografi og ordliste (Dale: Jakob Sande-selskapet). ISBN 82-91253-01-3 I fulltekst ved nb.no  [Av: Ove Eide, Ivar Svensøy, Roar Øvrebust]
  • 1994 Jakob Sande. Årbok 1994 (Dale: Jakob Sande-selskapet). ISBN 9788291253022  [Red.: Ove Eide]
  • 1994 Magnus Henden: Muren og diktet (Hennebygda: Eigen utgjevnad)  [Red. og tilretteleggar: Ove Eide]
  • 1994 Dei lækjande urteorda ( Vestlandsforlaget). ISBN 82-91236-01-1  [Av Elling Vanberg. Utval, merknader og kommentarar ved Ove Eide]
  • 1995 Songen om dei store sletttene ( Vestlandsforlaget). ISBN 82-91236-04-6  [Av Elling Vanberg. Innskriving, redigering og tilrettelegging ved Ove Eide]
  • 1996 Ei bru mellom fortid og framtid : Sandane ungdomslag 1896-1996 (Sandane: Sandane ungdomslag). ISBN 82-994147-0-9 I fulltekst ved nb.no  [Av: Ove Eide, Ola Nyhagen]
  • 1996 Jakob Sande. Årbok 1996 (Dale: Jakob Sande-selskapet). ISBN 9788291253046  [Red.: Ove Eide]
  • 1997 Jo Foss (Jon Bergheim): Villblomar ( Eigen utgjevnad)  [Red.: Ove Eide]
  • 1998 Meir enn ein skule : Firda gymnas, Firda vidaregåande skule 1922-1997 (Sandane: Skulen)  [Hovudred.: Ove Eide]
  • 1998 Spottar og salmediktar. Jakob Sande Årbok 1998 (Dale: Jakob Sande-selskapet). ISBN 9788291253053  [Red.: Ove Eide]
  • 1998 Grunnsteinar ( Vestlandsforlaget)  [Av Elling Vanberg Red.: Ove Eide]
  • 1999 Vestland, Vestland (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5495-6 I fulltekst ved nb.no  [Red.: Ove Eide, Jardar Skaadel]
  • 2000 Jakob Sande. Årbok 2000 (Dale: Jakob Sande-selskapet). ISBN 9788291253060  [Red.: Ove Eide]
  • 2001 Jo Foss (Jon Bergheim): Sagt og gjort/Etterrakster ( Eigen utgjevnad)  [Red.: Ove Eide]
  • 2002 Hundre år med STIL : Sandane Turn og Idrettslag 1900-2000 (Sandane: STIL). ISBN 82-996476-0-6 I fulltekst ved nb.no
  • 2002 Jakob Sande. Årbok 2002 (Dale: Jakob Sande-selskapet). ISBN 9788291253077  [Red.: Ove Eide]
  • 2004 Jakob Sande. Årbok 2004 (Dale: Jakob Sande-selskapet). ISBN 9788291253091  [Red.: Ove Eide]
  • 2006 Jakob Sande : liv, dikting (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-6497-8
  • 2006 Jakob Sande 100 år : årbok. 2006 (Førde: Selja : Jakob Sande-selskapet). ISBN 82-91722-72-2  [Red.: Ove Eide]
  • 2006 Framtidas norskfag. Språk og kultur i eit fleirkulturelt samfunn. Rapport frå Utdannings- og forskningsdepartementet ( Utdanningsdirektoratet)  [Sekretær saman med Tone Vindegg]
  • 2009 Dønningar (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-00-22  [Av Jon Tolaas ; etterord av Ove Eide]
  • 2010 Gamle Selje (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-029-9  [Av Reidar Djupedal ; red. av Ove Eide]
  • 2011 Huldra, draugen og fanden sjølv : segner frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-045-9  [Ill.: Finn Egil Eide]
  • 2012 Kjerringa, Askeladden og kongen sjølv : eventyr frå Sogn og Fjordane (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-057-2  [Red.: Ove Eide ; ill.: Finn Egil Eide]
  • 2013 Mysterium : dikt og noveller av ungdom i Sogn og Fjordane (Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Red.: Ove Eide]
  • 2014 Bodils spiskammers (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-081-7  [Av: Bodil Fjellestad Eikrem, Ove Eide og Ronny Solheim (foto)]
  • 2014 Dikt i utval (Skjåk: Skjåk kommune). ISBN 978-82-999543-0-3  [Av Jan Magnus Bruheim ; ved Ove Eide]
  • 2014 Vereide kyrkje : kyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år (Bergen: John Grieg forlag). ISBN 978-82-533-0310-9  [Redaktør: Ove Eide; fotograf: Ronny Solheim; bildered.: Bård Vereide]
  • 2014 Intertekst - norsk vg2 studieforberedende utdanningsprogram ( Fagbokforlaget). ISBN 9788211031129  [Medforfattar]
  • 2016 Laks, lordar og lokalmat : Sivertsens og Gloppen Hotell gjennom 150 år (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-109-8
  • 2016 Handbok i nabospråkundervisning ( Språkrådet). ISBN 978-82-93424-02-4  [Medredaktør. Bidrag av: Olemic Thommesen, Ove Eide, Bodil Aurstad, Torbjørg Breivik, Vidar Kristensen, Tor Egil Furevikstrand]
  • 2016 Intertekst - norsk vg3 studieforberedende utdanningsprogram ( Fagbokforlaget). ISBN 9788211031150  [Medforfattar]
  • 2017 Holvikejekta : sjøens stavkyrkje (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-116-6
  • 2022 Olav K. Henden : 1920-2020: selskapet, slekta, samfunnet (Førde: Selja). ISBN 9788282401814  [Foto: Ronny Solheim]
  • 2023 Frå Olden til Paris : bildekunstnaren Rolv Lorentz Muri (1921-1992) (Sandane: Nordfjord sogelag). ISBN 978-82-998213-1-5  [Etterord av Arve Henriksen]
  • 2023 Særprega hus på Sandane : ei historisk vandring gjennom Sandane sentrum (Sandane: Gloppen sogelag)  [Bidrag av: Ola Nyhagen, Ingrid Denk, Ove Eide, Sverre Folkestad]
  • 2024 Øyvind Botn: Eit liv i kunsten (Førde: Selja). ISBN 9788282402057  [Bidrag av: Elisabeth Steen, Ove Eide, Morten Johan Svendsen]

I tidsskrift - eit utval

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads