Jan Wouters
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jan Jacobus Wouters (fødd 17. juli 1960) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Utrecht som vart europameister i 1988, og vann Cupvinnarcupen 1987 med Ajax.
Remove ads
Wouters spelte frå 1980 i seks sesongar på FC Utrecht, og var i 1985 sterkt delaktig då laget vart nasjonal cupmeister etter finalesiger 1-0 over Helmond. Sommaren 1986 gjekk turen til Amsterdam og Ajax. Gjennom fem og ein halv sesong i Ajax var han med å vinne den nederlandske cupen og Cupvinnarcupen, begge våren 1987, og verte seriemeister i 1990. I november 1991 vart han overført til Bayern München og spelte på det tyske storlaget i vel to år. Frå nyår 1994 gjorde han teneste i PSV Eindhoven, der han avslutta si tid som aktiv spelar med å verte cupvinnar våren 1996.
Remove ads
Wouters, som oftast vart tildelt ei defensiv rolle på midtbana, spelte 70 landskampar på Nederland i tida 1982-94 og skåra fire mål. Under EM i fotball 1988 spelte han alle kampane då Nederland vann meisterskapen etter tomålssiger over Sovjetunionen i finalen. Sidan fekk han mykje speletid både under fotball-VM 1990 og EM 1992. Også under VM i fotball 1994 var han med i fyrsteellevaren, og spelte sin siste landskamp då Nederland rauk ut or meisterskapen med kvartfinaletap 2-3, etter ein særs minneverdig kamp mot dei komande verdsmeistrane frå Brasil.
Remove ads
- Europameister: 1988 med Nederland
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1987 med Ajax
- Nederlandsk cupmeister: 1985 med FC Utrecht, 1987 med Ajax og 1996 med PSV Eindhoven
- Nederlandsk seriemeister: 1990 med Ajax
I 1990 vart Wouters kåra til årets spelar i Nederland.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jan Wouters» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads