Janne Ahonen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Janne Ahonen
Remove ads

Janne Petteri Ahonen (fødd 11. mai 1977) er ein tidlegare finsk skihoppar frå Lahti.

Kjappe fakta
Thumb
Frå eit verdscuprenn i Titisee-Neustadt i 2004.

Janne Ahonen er ein av de mestvinnande skihopparane på 1990- og 2000-talet. Den finske storhopparen vann i 1997 VM-gull i liten bakke. I sesongane 1998/99, 2002/03, 2004/2005 og 2005/2006 (saman med Jakub Janda) vann han den prestisjetunge hoppveka samanlagt. Han har fleire pallplasseringar frå store meisterskap. I verdscupen har han vunne 36 enkeltrenn og har totalt 102 pallplasseringar (begge delar pr. november 2012). Ahonen vann verdscupen samanlagt i 2003/2004 og 2004/2005.

I 2005 vart han kåra til årets idrettsutøvar i Finland. Janne Ahonen hadde ei tid verdas lengste skihopp med fall, på 240 meter (på grunn av fallet er ikkje dette ein offisiell verdsrekord).

Ahonen hadde eit opphald som aktiv skihoppar i sesongen 2008/2009. Han kvalifiserte seg til Vinter-OL 2010. Der vart han nummer fire i normalbakken. Han fekk Holmenkollmedaljen i 2011.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads