Vinter-OL 1994
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vinter-OL 1994 vart arrangert på Lillehammer. Dette var andre gong OL vart arrangert i Noreg og var dei 17. olympiske vinterleikane i rekkja. Delar av leikane vart haldne på Hamar (der Vikingskipet og Hamar OL-Amfi vart bygt for nettopp dette) og på Gjøvik (Gjøvik Olympiske Fjellhall).
Andre byar som hadde ønskt å arrangera meisterskapen, var Anchorage i USA,Östersund og Åre i Sverige og Sofia i Bulgaria.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Dæhlie, som deltok i langrenn.
Remove ads
Nyvinningar
Ettersom IOK hadde vedteke at sommar- og vinter-OL frå no av skulle haldast med to år imellom, blei OL på Lillehammer arrangert berre to år etter OL i Albertville i 1992. Dette er einaste gongen same typen OL er blitt halde med så kort mellomrom.
Dette OL-arrangementet var det første i historia som der resultata vart formidla direkte via Internett, av det norske selskapet Oslonett.
Idrettsgreiner
- Aking og bobsleigh
- Freestyle
- Ishockey
- Skøyteløp
- Kortbaneløp på skeiser
- Kunstløp
- Alpine greiner
- Nordiske greiner
- Skiskyting
Resultat
Beste nasjon vart Russland med 11 gullmedaljar. Noreg ende opp med 10 gull-, 11 sølv- og 5 bronsemedaljar.
Dei norske gullmedaljane kom ved:
- Johann Olav Koss – (1500, 5000 og 10 000 meter skøyter)
- Espen Bredesen – 90 m hopp
- Fred Børre Lundberg – kombinert
- Lasse Kjus – alpin kombinasjon
- Stine Lise Hattestad – kulekøyring
- Thomas Alsgaard – 30 km langrenn (fristil)
- Bjørn Dæhlie – 10 km langrenn (klassisk), 15 km langrenn (fristil, jaktstart)
Medaljestatistikk
Bakgrunnsstoff
- Nyhendeteneste frå Vinter-OL 1994 Oslonett
- Norges Olympiske Museum på Lillehammer
- IOK si side om Vinter-OL 1994
- Statistikk frå Vinter-OL 1994 hjå olympia-statistik.de
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads