Jarrow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jarrow
Remove ads

Jarrow er ein by ved elva Tyne i England. Byen høyrer til distriktet South Tyneside i Tyne and Wear.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Historie

Den eldste kjende busetnaden er eit romersk fort grunnlagt i 1. hundreåret. Staden vart så busett av angelsaksarane400-talet, og dagens stadnamn er ei forvansking av namnet deira, Gyrwe, som tyder «hei» eller «myr».

Eit kloster vigd Apostelen Paulus vart oppretta på andre halvdelen av 500-talet, som eit dotterkloster til klostret vigd Apostelen Peter i Wearmouth. Beda den ærverdige kom frå Wearmouth til Jarrow ca 682, då han var ti år gammal, og var resten av livet sitt i klostret. Det vart rekna som eit av dei viktigaste læresentera i Europa nord for Roma. I 794 vart klostret den andre staden i England som vart plyndra av vikingar, etter raidet på Lindisfarne året før. Det vart oppløyst av Henrik VIII.

Jarrow vart verande ein liten landsby i fleire hundreår, men voks så raskt i dei siste to-tre hundreåra etter at tungindustri som gruvedrift og skipsbygging vart etablert.

Inntil byrjinga på 1930-talet var opptil 80% av folkesetnaden tilsett hos Palmar's Shipyard; då han stengte etter å ha bygd omkring 1 000 skip utløyste det ei økonomisk krise i byen. I 1936 vart byen kjend etter den såkalla Jarrowmarsjen til London, ein protest mot arbeidsløyse i England.

Remove ads

Attraksjonar

Ruinane av klostret er til dels bygd inn i den moderne kyrkja, som òg er vigd Paulus. I ein av kyrkjeveggane sit det eldste kjende glasmåleriet i verda, frå ca 600. Ikkje langt unna klostret er museet «Bede's World», dedikert til Bedas liv og virke.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads