Jay DeMarcus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jay DeMarcus
Remove ads

Stanley Wayne «Jay» DeMarcus jr. (fødd 26. april 1971) er ein USA-amerikansk bassgitarist, harmonivokalist, pianist, plateprodusent og låtskrivar,[1] mest kjend som medlem i countrygruppa Rascal Flatts.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

DeMarcus var fødd i Columbus i Ohio, der han gjekk på Tree of Life Christian School. Seinare gjekk han på Lee College i Cleveland i Tennessee frå 1990 til 1992. På den tida reiste han og spelte klaverinstrument med den kristne musikkgruppa New Harvest, leia av Danny Murray.

DeMarcus var med å starte opp den kristne musikkgruppa East to West og flytta til Nashville i 1993. I 1997, etter at East to West vart oppløyst, tok han kontakt med tremenning sin, Gary LeVox,[2] som han spelte med då dei var yngre, og fekk han til å kome til Nashville for å synge harmonivokal på Michael English-albumet Gospel, som han produserte på den tida. Dei spelte inn albumet for English i lag og akkompagnerte han på albumet.[3]

I tillegg produserte han album for James Otto, Jo Dee Messina, Austins Bridge og andre. I 2006 produserte han Chicago-lbumet Chicago XXX.

I 2010 var DeMarcus og bandkollegaene hans gjestestjerner på CSI: Crime Scene Investigation, der dei spelte seg sjølv.

Remove ads

Diskografi utanom Rascal Flatts

Meir informasjon År, Album ...


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads