Jdeideh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jdeideh
Remove ads

Jdeideh (arabisk جديدة المتن, al-Judaydat, òg skrive Jdayde, Jdaideh og Jdeidet el-Matn) er ein kystkommune og det administrative senteret i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Jdeideh dekkjer eit areal på kring 6 km². Han ligg i dei nordlege forstadane i Beirut og er ein del av Stor-Beirut. Kommunen er danna av dei tre landsbyane Jdeidet el-Matn, Bauchrieh og Sed el Bauchrieh, med i alt nesten 160 000 innbyggjarar.[1]

Jdeideh er eit viktig industriområde, men har òg ein del handels- og bankverksemd.

Remove ads

Arkeologi

Thumb
Grattoir de côté.

Det er gjort tre arkeologiske funn i Jdeideh-området av jesuittar. To av dei er flintfunn frå yngre steinalder frå Qaraoun-kulturen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads