Jean Anouilh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jean Anouilh
Remove ads

Jean Marie Lucien Pierre Anouilh (23. juni 19103. oktober 1987) var ein fransk skodespel-forfattar. Gjennom fleire tiår skreiv han teaterstykke som nådde eit stort publikum i mange land.

Kjappe fakta

Eit hovudtema i Anouilh sine verk er gapet mellom idealismen hos dei unge og dei vilkåra eit rote samfunn byr dei. Karakterane i stykka søker stå opp mot og gjere opprør mot nedverdigande kompromiss. For nokre av dei unge står valet ofte mellom eit ueigentleg liv og døden.

Skodespela til Anouilh er prega av eit poetisk språk og ein stillferdig humor. I menneskesyn står dei nær eksistensialismen. Eit sentralt verk er Antigone frå 1942. Stykket tek tak i temaet i Sofokles si tragedie og set det opp mot den politiske stoda i samtida. Lerka (L'Alouette) frå 1953 omhandlar Jeanne d'Arc og lagnaden hennar. Her tonar Anouilh ned den religiøse bodskapen og let i staden legenda ende håpefullt. Becket ou l'Honneur de Dieu (1959) skildrar konfliktar mellom kyrkje og kongemakt i England under mellomalderen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads