Jean-Paul Sartre

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jean-Paul Sartre
Remove ads

Jean-Paul Sartre (21. juni 190515. april 1980) var ein fransk eksistentialist, forfattar og regissør.[1] Han vert rekna som ein av dei viktigaste tenkjarane i Frankrike på 1900-talet.[2]

Kjappe fakta
Thumb
Jean-Paul Sartre
Remove ads

Bakgrunn

Sartre er truleg den best kjende eksistensialisten. Han hadde suksess med romanar og skodespel. Dei eksistensielle tema blei ofte utforska i dei skjønnlitterære verka hans, som t.d. Huis Clos, og i verka til Simone de Beauvoir, som han var i lag med mest heile livet.

Éin av Sartre sine hovudidéar var at mennesket er dømt til å vere fri.[3] «Dømt fordi det ikkje har skapt seg sjølv - men er likevel fri. Fordi det no ein gong er kasta inn i verda, er det ansvarleg for alt det gjer.» «Mennesket er den einaste forfattaren til si eiga åtferd». «Mennesket har ikkje ein gitt menneskeleg natur, men må skape sin eigen. Mennesket er ikkje anna enn det det skapar seg sjølv til.»

Sartre blei i hans seinare verk meir oppteken av høvet mellom sin fridomsfilosofi og marxismen. I Critique de la raison dialectique freista Sartre å kombinere eksistensialisme med marxisme.[4]

Før den andre verdskrigen underviste Sartre på ulike skular. Etter det bruka han livet sitt på å skrive og han redigerte i mange år bladet Les Temps Modernes. Han sat eit år i fengsel under krigen, og han blei eit symbol for dei franske intellektuelle sin motstand mot nazismen.

Sartre fekk nobelprisen i litteratur i 1964, men nekta å ta imot han.

Han blei gravlagd i Cimetière de Montparnasse i Paris.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads