Jebel Ali

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jebel Ali
Remove ads

Jebel Ali (arabisk skrift جبل علي) er ein hamneby, 35 km sørvest for Dubai i Dei sameinte arabiske emirata.

Kjappe fakta Land, Emirat ...

I 1985 vart Jebel Ali frisone (Jafza) oppretta. Jafza er eit industriområde kring hamna, der internasjonale selskap kan slå seg til og få spesielle privilegium i frisonen. Dette gjeld mellom anna skatteunntak i femten år, ingen personleg skattbetaling, og ingen toll på import eller eksport, ingen restriksjonar på valuta og lett tilkomst til arbeidskraft. Al Maktoum internasjonale lufthamn ligg like utafor hamneområdet. Jebel Ali er òg namnet på ein metrostasjon i Dubai.

Jebel Ali var den niande mest travle hamna i verda i 2011, og handsama 13 010 000 TEU.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Dubai/Jebel Ali frå Wikivoyage
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads