Jefferson Airplane Takes Off
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jefferson Airplane Takes Off er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane, utgjeve på RCA Victor i august 1966. Bandet hadde ei noko anna besetning enn den seinare «klassiske» besetninga, og musikken er meir prega av folkrock enn den hardare psykedeliske stilen som bandet seinare vart kjende for. Signe Toly Anderson var den kvinnelege vokalisten, medan Skip Spence spelte trommer. Begge forlet gruppa kort tid etter at albumet kom ut og vart erstatta av høvesvis Grace Slick og Spencer Dryden.
Remove ads
Innspeling
Sjefane i RCA meinte at noko av teksten var for seksuelt ladd. Bandet måtte endra teksten i «Let Me In» frå «I gotta get in, you know where» til «You shut your door, now it ain't fair», og «Don't tell me you want money» til «Don't tell me it's so funny». På «Run Around» måtte dei endra slutten av linja «Blinded by colors come flashing from flowers that sway as you lay under me» til «...that sway as you stay here by me». Med «Runnin' 'Round This World» insisterte sjefane at «trips» i linja «The nights I've spent with you have been fantastic trips» refererte til å ta LSD, sjølv om bandet insisterte på at det var vanleg slang. Sjølv om dei erstatta ordet med ein gitararpeggio, var ikkje RCA nøgd med dei seksulle konnotasjonane og nekta å ta med songen på albumet. Innspelinga kom ikkje ut før etter åtte år.[3]
Remove ads
Utgjeving og mottaking
Albumet fekk lite merksemd i pressa då det kom, sidan vanlege aviser vanlegvis ikkje dekte rockeutgjevingar, og rockepressa enno var i startfasen. Crawdaddy! omtalte albumet på framsida av utgåva som kom i januar 1967, med ei tre sider lang melding i magasinet av redaktøren Tim Jurgens. Han meinte albumet hadde «manglar» men likevel var «det viktigaste albumet i amerikansk rock» i 1966.[4]
Remove ads
Innhald
Fotnotar
- «Tobacco Road» er tilskriven Clay Warnick på plateomslaget, men vart skriven av John D. Loudermilk
Medverkande
- Marty Balin – vokal, rytmegitar
- Signe Toly Anderson – vokal, perkusjon
- Jorma Kaukonen – sologitar
- Paul Kantner – rytmegitar, vokal
- Jack Casady – bass
- Skip Spence – trommer
- Spencer Dryden – trommer på «Go to Her», og dei alternative versjonane av «And I Like It» og «Chauffeur Blues».
Produksjon
- Tommy Oliver – produsent
- Matthew Katz – manager, produsent
- Dave Hassinger – lydteknikar
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads