Jegorjevsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jegorjevsk (russisk Его́рьевск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Guslitsa, ei sideelv til Nerskaja, 114 km søraust for Moskva.

Han vart første gong nemnd i 1462 som landsbyen Vysokoje (russisk Высо́кое). Bystatus vart innvilga i 1778. Byen har mange historiske bygningar frå 1700- og 1800-talet og eit museum med både kunst og gjenstandar frå dagleg liv i tidlegare hundreår.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jegorjevsk» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads