Jehue Gordon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jehue Gordon
Remove ads

Jehue Gordon (fødd 15. desember 1991) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Port of Spain i Trinidad og Tobago. Han vart verdsmeister i 400 meter hekk under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva, der han sette nasjonal rekord med eit finaleløp på 47,69 sekundar.

Kjappe fakta

Gordon vart fjerdemann på langhekken under VM i friidrett 2009 i Berlin og sjettemann i øvinga ved dei olympiske sommarleikane 2012 i London. I OL-semifinalen kom han under 48 sekund for aller fyrste gong, då han vart klokka i mål på tida 47,96. Eitt år seinare gjorde han sitt livs løp på 400 meter hekk i VM-finalen i Moskva. Med tida 47,69 slo han Michael Tinsley frå USA med eitt hundredels sekund. Etter 2013 var han langt unna sitt tidlegare toppnivå. Korkje i VM 2015 eller OL 2016 tok seg vidare frå forsøka.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads