Jelena Välbe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jelena Välbe (fødd Jelena Valerjevna Trubitsyna, 24. april 1968) er ein russisk tidlegare langrennsløpar frå Magadan i Sibir, som tevla for Sovjetunionen og Russland. Ho var den fremste utøvaren i internasjonal kvinnelangrenn på 1990-talet, og vann ti individuelle gullmedaljar og fire stafettgull i ski-VM tida 1989-97, samt tre OL-gull i stafett. I alt vann ho 23 medaljar i ulike VM og vinter-OL i perioden 1989-98. Frå 1989-sesongen til 1997-sesongen var Välbe alltid mellom dei tre beste i verdscupen i langrenn og gjekk heilt til topps fem gongar; 1989, 1991, 1992, 1995 og 1997. Ho sigra i 45 renn i verdscupen. Under Ski-VM 1997 i Trondheim sette Välbe ein fantastisk rekord ved å vinne fem gullmedaljar av fem moglege.
I 1992 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen.
Jelena Välbe har sidan 2010 vore leiar av Russlands Langrennsforbund.
Remove ads
OL- og VM-medaljar
OL
- Albertville 1992: gull på 4×5 km stafett, bronse på 15 km klassisk, 5 km klassisk, jaktstart og 30 km fristil
- Lillehammer 1994: gull på 4×5 km stafett
- Nagano 1998: gull på 4×5 km stafett
- 3 gull, 4 bronse
VM
- Lahtis 1989: gull på 10 km fristil og 30 km fristil, sølv på stafetten
- Val di Fiemme 1991: gull på 10 km fristil, 15 km klassisk og stafetten, sølv på 30 km fristil
- Falun 1993: gull på 15 km klassisk og stafetten
- Thunder Bay 1995: gull på 30 km fristil og stafetten, sølv på 15 km klassisk
- Trondheim 1997: gull på 5 km klassisk, 15 km jaktstart, 15 km fristil, 30 km klassisk og stafetten
- 14 gull, 3 sølv
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
- (en) Jelena Välbe – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Yelena Välbe» (på engelsk). olympedia.org.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads