Jens Andreas Friis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jens Andreas Friis
Remove ads

Jens Andreas Friis (2. mai 182116. februar 1896) var ein norsk språkforskar og forfattar.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis gjorde studiet av samisk til si livsgjerning. Han utgav mange og grundige verk om samiske språk og mytologi. Attåt skreiv han folkelivs- og reiseskildringar, som vart svært populære. Det mest kjende skjønnlitterære verket hans kom ut under namnet Fra Finnmarken. Skildringer, i 1881. Seinare kom boka i fleire nye opplag, under namnet Lajla, også på nynorsk (1944). Romanen er filmatisert tre gonger. Hans skjønnlittære verk er og omsett til andre språk.

Den langsiktige verknaden av Friis sitt arbeid var det praktiske språkarbeidet hans. Friis-rettskrivinga for nordsamisk vart brukt i den nordsamiske bibelen, og i tidsskriftet Nuorttanaste. Ho er dermed i bruk i religiøs samanheng den dag i dag, trass i at det har komme tre ulike rettskrivingar etter Friis si rettskriving.

Ordboka til Friis var viktig då ho kom, men ho har seinare komme i skuggen av Konrad Nielsen si store ordbok.

J.A. Friis døydde i Kristiania.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

  • 1856 Lappisk grammatik : udarbeidet efter den finmarkiske hoveddialekt eller sproget, saaledes som det almindeligst tales i norsk Finmarken (Christiania: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
  • 1856 Lappiske sprogprøver : en samling af lappiske eventyr, ordsprog og gaader : med ordbog (Christiania: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
  • 1863 ABC : samegiel ja darogiel abes daihe vuostas lokkamgirje same-manaidi (Kristiania: Brøgger & Kristie) I fulltekst ved nb.no
  • 1871 Lappisk mythologi, eventyr og folke-sagn (Christiania: Cammermeyer)
  • 1871 En sommer i Finmarken, russisk Lapland og Nordkarelen : skildringer af Land og Folk (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
  • 1874 Hans Majestæt kong Oscar II's reise i Nordland og Finmarken aar 1873 (Christiania: Mallings boghandel) I fulltekst ved nb.no
  • 1876 Tilfjelds i ferierne, eller Jæger- og fiskerliv i Høifjeldene (Christiania: Cammermeyer)
  • 1880 En Sommer i Finmarken, russisk Lapland og Nordkarelen : skildringer af land og folk (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no  [2. udg.]
  • 1881 Fra Finmarken : skildringer (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no  [Seinare utg. har tittelen Lajla]
  • 1882 Hans Majestæt kong Oscar II.s reise i Nordland og Finmarken aar 1873 (Kristiania: Mallings boghandel) I fulltekst ved nb.no  [Forkortet udg.]
  • 1884 Klosteret i Petschenga : skildringer fra russisk Lapland (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
  • 1887 Ordbog over det lappiske sprog : med latinsk og norsk forklaring samt en oversikt over sprogets grammatik (Kristiania: I kommission hos Jacob Dybwad) I fulltekst ved nb.no
  • 1891 Skildringer fra Finmarken (Christiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no  [Seinare utg. har tittelen Ella]
Remove ads

Sjå også

Kjelder

  • Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978

Bakgrunnsstoff

Kart

I tidsskrift - eit utval

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads