Jens Dunker
norsk arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jens Gram Dunker (17. februar 1892–25. august 1981) var ein norsk arkitekt. Han er rekna som ein av dei leiande eksponentane for funksjonalisme i Noreg.

Foto: Jorge Brazil


Foto: Jan-Tore Egge

Foto: Digitalt fortalt

Foto: O.C. Dahl
Remove ads
Utdanning og virke
Dunker gjekk på Den kongelige tegneskole i 1910-11 og studerte 1911-14 ved Technische Hochschule i Dresden. Etter eksamen der var han på ei rekkje studiereiser og var assistent ved fleire arkitektkontor i Kristiania: Morgenstierne & Eide, Arnstein Arneberg og Harald Hals. I 1919 etablerte han eigen arkitektpraksis. Same året fekk han eit gjennombrot då han vann førstepremie i ein arkitektkonkurranse om bygg til Det Nye Teater saman med Gudolf Blakstad.
Teaterbygget kan illustrera både Dunker og Blakstad si utvikling og gjennombrotet til funksjonalismen i Noreg. Dunker byrja som nyklassisist og bevega seg over i funksjonalismen. Bygget var planlagd for Uranienborgveien 11, men blei oppført i Rosenkrantz' gate 10 først i 1927-29. Vinnarutkastet i konkurransen var i rein nyklassisk stil, mens det endelege resultatet i dag kan gjenkjennast som «funkis», ikke minst fasaden.[1]
Dunker leverte viktige bidrag til norsk funksjonalisme gjennom ulike bygningstypar: bygardar, bustadblokker, rekkjehus, villaer, teater og hotell. Han dreiv også restaureringsarbeid ved Oscarshall, ved fleire kyrkjer og ikkje minst som slottsforvaltar frå 1938 til 1962 (med avbrot i 1942-45, då han blei hindra av NS). Dunker blei premiert i ei rekkje konkurransar, og han bidrog også med prosjekt som ikkje blei gjennomført, sjølv om nokre av dei blei innkjøpt.
I tillegg til det reint arkitektoniske var Dunker oppteken av møblar og brukskunst. Han utforma til dømes inventaret til Leirskogen kyrkje i Sør-Aurdal. Han skreiv også ein god del om brukskunst for Foreningen Brukskunst, og var ein flittig bidragsytar til tidsskriftet Byggekunst. I tillegg var han ein dyktig teiknar. Norsk Arkitektmuseum har mange av penneteikningane hans, særleg frå utanlandsturar der han studerte arkitektur.[2]
Dunker hadde ei rekkje tillitsverv i Oslo Arkitektforening og Norske arkitekters landsforbund (han var periodevis visepresident i sistnemnde). Han blei tildelt ei rekkje ordenar og medaljar, mellom dei St. Olavs Orden (1945) og Kongens fortjenstmedalje i gull, og fleire utanlandske ordenar.
Dunker er gravlagd ved Vår Frelsers gravlund.[3]
Remove ads
Arbeid i utval
(I Oslo med mindre anna er nemnd.)
- Inventar til Leirskogen kyrkje i Sør-Aurdal (saman med Anders Bugge; innvigd 1924)[4]
- Det Nye Teater, Rosenkrantz' gate 10 (med Gudolf Blakstad, 1927-29, etter siger i arkitektkonkurranse i 1919; tildelt Houens fonds diplom 1930)
- Villa i Uranienborg terrasse 1 (1932)
- Rekkehus i Gange-Rolvs gate 2-2D (sammen med Nicolai Beer, 1932)
- Rekkehus i Nobels gate 1-1G (sammen med Nicolai Beer, 1932)
- Ominnredning av Parkteatret, Olaf Ryes plass 11 (1932)
- Baroda Kirke, Ysterivegen 9, Svingvoll, Gausdal kommune (1932)
- Ombygging av Centralteatret, Akersgata 38 (1934)
- 4 boligblokker for AS Myrahagen, no eit OBOS-borettslag, Bentsebrugata 16-18 (med Georg Rohde, 1937-38)[5][6]
- Teglvilla, Niels Juels gate 34 (med Georg Rohde, 1938)[7]
- Restaurering av Fåvang kyrkje (1948–51)[8]
- Restaurering av Oscarshall, Bygdøy (1950-åra)
- Restaurering av Slidre kyrkje (1955-56)[9]
- Hvit paviljong, utviding ved Årvoll skole (1962)[10]
- Grand hotell, Kirkegata 9, Namsos (1962)[11]
Remove ads
Referansar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads