Jens Evensen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jens Ingebret Evensen (5. november 1917–15. februar 2004) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, diplomat, jurist, høgsterettsadvokat og domar innan folkerett ved folkerettsdomstolen i Haag.
Remove ads
Karriere
I den fyrste tida med petroleumsverksemd i Noreg var han sentral i utarbeiding av reglar for verksemd på norsk kontinentalsokkel. Evensen forhandla fram Noreg si handelsavtale med EF i 1972.
Jens Evensen var deretter statsråd i Trygve Bratteli si andre regjering og Odvar Nordli si regjering.
Han var først sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet, 16. oktober 1973-27. september 1974. Han vart deretter statsråd for Havrett og fiskerigrenser, 27. september 1974-15. januar 1976 i Trygve Bratteli si andre regjering, og heldt deretter fram i same verv i Odvar Nordli si regjering fram til 1. januar 1979.
«Gråsone»-avtala», mellom Noreg og Sovjetunionen om eit område i Barentshavet, var òg mykje hans verk.
"En av Evensens nærmeste og viktigste støttespillere i politikken var Arne Treholt", skreiv media.[1] Han var "statssekretær for ... Evensen da han ble havrettsminister fra 1976 til 1978", skreiv Store Norske Leksikon.[2] Treholt vart "i 1985 ... dømt for spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak. Treholt-saken forble en åpent sår i Evensens liv, og de to ble aldri forsonet", skreiv Dagsavisen.[1]
Remove ads
Utmerkingar
- Evensen vart utnemnd til kommandør av Krossen av St. Olavs Orden.
- I 1982 vart Evensen tildelt Peer Gynt-prisen
Litteratur
- Berit Ruud Retzer: Jens Evensen : makten, myten og mennesket : en uautorisert biografi, Oslo 1999. ISBN 82-995068-0-8, http://www.berit1.com
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads