Jens Zetlitz

norsk prest og poet From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jens Zetlitz (26. januar 176114. januar 1821) var ein norsk diktar, fødd i Stavanger.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

På slutten av 1700-talet flytta Jens Zetlitz til København for å studera teologi. Der vart han medlem av Det Norske Selskab, og vart særleg kjend for selskapssongane og drikkevisene sine og fekk tilnamnet «Glædens muntre Sanger». Etter studietida flytta han attende til Noreg, og arbeidde som sokneprest i Vikedal i Ryfylke og seinare i Kviteseid i Telemark, til han døydde nær 60 år gammal.

Thumb
Kviteseid gamle kyrkje der Zetlitz var prest
Remove ads

Slekt og familie

Saman med kona Maren Elisabeth Bull (fødd 11. september 1761, død 20. januar 1801) fekk han fire born; Axeliane Christine Zetlitz, gift Kielland (fødd 8. juli 1792, død 15. februar 1855), Mette Christine (fødd 1794, død 1853), Kirsten (fødd 1799, død 1878) og Johanne Margrethe (fødd 1797). Axeliane vart mor til Jens Zetlitz Kielland (1816-1881), som igjen mellom anna vart far til forfattaren Alexander Lange Kielland og kunstnarinna Kitty Kielland. Etter at fyrste kona døydde i 1801 gifte han seg oppatt i 1802 med Christiane Sophie Fasting von Krogh og fekk to døtrer og ein son med henne.[1]

Jens Zetlitz har i dag ei gate i Stavanger oppkalla etter seg. Popartisten Bertine Zetlitz er Zetlitz-familien sin mest kjende nolevande person.

Remove ads

Verk

  • Poesier: første samling (1789)
  • Eegenæs: et Digt med Anmærkninger (1793)
  • Sange for den norske bondestand (1795)
  • Psalmer (1795)
  • En norsk Höst: et Digt (1800)
  • Johan Nordahl Brun, Biskop over Bergens Stift (1805)
  • Alkoran: d.e. Capitlernes Bog for 1806 (1806)
  • Sange for Den Norske Bondestand (1812)
  • Prædikener og Leilighedstaler (1822)
  • Egenæs: et digt med anmærkninger (1825)
  • 2den Deel (1825)
  • Jens Zetlitz's samlede Digte (1825)
  • 1ste deel (1825)
  • Sange for den norske Bondestand (1842)
  • Norske Almuesangeres Kløverblad: eller Bruns, Frimanns og Zetlit's Sange for den norske Bondestand. - Godtkjøbsudgave (1853)
  • Ny Vise om Jernbanemoroen ved Mjøndalen (1875)
  • Udvalg af Jens Zetlitz' Digte (1886)
  • Reyse fra Stavanger til Wigedahl i aare (1968)
  • Jens Zetlitz : et tohundreårsminne (1990)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads