Jens Zetlitz Monrad Kielland
norsk arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jens Zetlitz Monrad Kielland (fødd 29. juli 1866 i Stavanger, daud 8. august 1926 i Oslo) var ein norsk arkitekt og professor i byggekunst ved Noregs tekniske høgskole i Trondheim 1912–18. Han var son av Jacob Kielland og mor Diderikke Jørgine Kielland og far til Jacob Christie Kielland og Else Christie Kielland. Han var assistent for Schak Bull i 1894 og starta eige kontor i Bergen i 1895. Han fekk tidleg i karrieren ei rekkje omfattande oppdrag som Gamlehaugen til Christian Michelsen i 1899 og den nye Tyskebryggen i 1900. Arkitekturen til Kielland var stilmessig ofte nasjonalt og regionalt forankra, sjølv om den internasjonale jugendstilen òg er svært utprega i mange av bygningane hans. I Bergen fekk han oppført ei rekkje andre offentlege og private byggverk, mellom dei jernbanestasjonen. Etter bybrannen i Ålesund i 1904 teikna han ei rekkje av dei nye husa i byen. Han arbeidde seinare som arkitekt i Kristiania.

Remove ads
Galleri
- Gamlehaugen i Bergen.
- Det hvite hus i Bergen er teikna av Kielland i jugendstil
- Liljeornamentikk over inngangspartiet på Det khite hus i Bergen
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads