Jerpe

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Jerpe
Remove ads

Jerpe (Bonasa bonasia) er blant dei minste fuglane av skogshøns. Han er ein standfugl som held til i skogar i Europa.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Thumb
Teikning av jerper.

Kjønna er temmeleg jamstore. Vaksne fuglar veg 400 gram og har ei lengd på 35 cm. Fjørdrakta er grå- og brunspralga med eit karakteristisk svart band ytst på halefjøra. Vengene er ganske stutte, og det er derfor vanleg at dei lagar mykje støy når dei fer opp.

Thumb
Jerpeegg

Læte

Jerpa har ein plystrande, rytmisk og høgfrekvent sang.

Forplanting

Jerpa er utprega monogam. Pardanninga skjer allereie om hausten. Hannen og hoa lokkar kvarandre med kvislande og kvitrande læter. I mai månad legg hoa 7-12 egg i ei djup grop innmed ein stubbe eller tre. Egga er brungule med brune flekkar og strekar. Rugetida er på 24–25 døgn. Hannen held seg innan same revir heile sommaren, men vender først attende til hoa når ungane har vakse litt. Ut på hausten vert så familien splitta framfor ein ny sesong.

Thumb
Jerpe i skogen.

Forvekslingsart

Jerpa kan vanskeleg forvekslast med anna fugl. Ei orrhøna kan i hastig oppflukt minne om jerpe og omvendt, men forskjell i storleik og åtferd gjer at slik forveksling sjeldan skjer.

Åtferd

Jerpekulla vert oppsplitta allereie tidleg på hausten. Etter det opptrer dei helst parvis og held seg gjerne innanfor same området heile vinteren. Når jerpa lettar, flyr ho sjeldan langt, set seg helst inn i eit tre i nærleiken før ho flyttar seg vidare.

Utbreiing og habitat

Som leveområde føretrekk jerpa fuktige stader med blandingsskog med mykje kjerr og gjerne også gran, dette finn ho i små bekkedrag og senkingar i terrenget. Jerpa er eit ynda jaktobjekt, både på grunn av det fine kjøttet og fordi ho er lett å ta.

Jerpa er vidt utbreidd med i alt 12 underartar frå nordvestlege Europa, tversover nordlege Eurasia til Okhotskhavet i aust, inkluderer òg øyane Sakhalin og Hokkaido.[3] Ho har fråvære frå Danmark og Island.[4] I Noreg er ho knytt til utbreiinga av granskog, og finst på Austlandet nordover gjennom Trøndelag til Nordland sør for Saltfjellet.[5]

Finlandsjerpe

Arten har òg vore registrert i Øvre Pasvik, populasjonen der er av underarten Bonasa bonasia griseonota som er utbreidd i Nord-Sverige, Finland og inn i nordlege Russland. Denne underarten er lysare enn nominatforma og er kalla finlandsjerpe.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads