Jessica Alba

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jessica Alba
Remove ads

Jessica Marie Alba (fødd 28. april 1981) er ein amerikansk skodespelar. Ho er kjend for rollene sine i TV-serien Dark Angel og filmane Honey, Sin City og Fantastic Four.

Thumb
Jessica Alba i London, under premieren av Fantastic Four i 2007
Remove ads

Biografi

Tidleg liv

Alba vart fødd i Pomona i California som dotter av mexicansk-amerikanske Mark Alba og amerikanske Cathy Jensen. Alba voks opp på ein militærbase med dei katolske foreldra sine, broren Joshua og besteforeldra sine fram til ho var 16 år gammal.[1] Ho voks opp som idrettsfanatikar. Karrieren til far hennar innan luftforsvaret førte familien til Biloxi i Mississippi og til Del Rio i Texas, før dei kom attende til California då ho var ni år gammal.

Alba uttrykte ei interesse for skodespel allereie frå femårsaldereren. Ho tok det første skodespelarkurset sitt då ho var tolv, og fekk kontrakt med ein skodespelaragent ni månader seinare.

Karriere

Den første opptredenen til Albas i ein film var med ei lita rolle i filmen Camp Nowhere;;, som Gail. Ho vart opphavleg leigd inn for to veker, men rolla hennar viste seg snart å vera to månaders arbeid då ein av dei meir prominente skodespelarane slutta, og Alba vart plukka ut til å erstatta henne på grunn av at dei to hadde lik hårfarge. Den unge Alba opptredde seinare i to nasjonale TV-reklamar for Nintendo og J. C. Penney, og seinare hadde ho roller i fleire uavhengige filmar. Ho byrja med TV-arbeid i 1994, då ho fekk ei tilbakevendande rolle som den unge snobben Jessica i tre episodar av Nickelodeon-serien The Secret World of Alex Mack. Sidan fekk ho rolla som Maya i dei to første sesongane i TV-serien om Flipper. I 1995 hadde ho ei rolle i filmen Venus Rising, som unge Eva.

Etter at Alba gjekk ut av high school i ein alder av 16, byrja ho å studera skodespel med William H. Macy og kona hans, Felicity Huffman, på Atlantic Theater Company.

II 1998 opptredde Alba som Melissa Hauer i ein episode av Steven Bochcos kriminaldramaserie Brooklyn South, som Leanne i to episodar av Beverly Hills 90210, og som Layla i ein episode av The Love Boat: The Next Wave. I 1999 opptredde ho i ein episode av komiserien P.U.N.K.S.

Alba fekk større hollywoodroller frå 1999, etter at ho opptredde som ein medlem av ein snobbete high school-gjeng i Drew Barrymore sin romantiske komedie Ukysset, og hadde den kvinnelege hovudrolla i komediegrøssaren Idle Hands same år. Det store gjennombrotet hennar kom då ho var stjerna i science-fiction-serien Dark Angel, der manusforfattaren og regissøren James Cameron plukka henne ut blant 1200 kandidatar til rolla som den genetisk modifiserte supersoldaten Max Guevera. Serien gjekk i to sesongar før han vart kansellert i 2002. Etter dette har dei mest oppsiktsvekkande rollene hennar vore som dansar/koreograf i Honey frå 2003, den eksotiske dansaren Nancy Callahan i Sin City, i samspel med Bruce Willis frå 2005, og dessutan som Sue Storm, den usynlege dama, i Fantastic Four frå 2005

8. juni 2006 var ho vertinne for MTV Movie Awards.

Personleg liv

Alba lei under anoreksi[2] og ein nyreinfeksjon i 2001. Ho var trulova med medspelaren sin i Dark Angel, Michael Weatherly, men dei gjorde det slutt før dei gifta seg. I januar 2005 byrja ho å gå ut med Cash Warren, ein av assistentane til regissøren under innspelinga av Fantastic Four, og som ho byrja å gå med ut då ho spelte inn filmen. Jessica og Cash vart den 7. juni 2008 foreldre til ei dotter, Honor Marie Warren.[3] Dei har òg fått dottera Haven Garner Warren, fødd i 2011, og sonen Hayes Alba Warren, fødd 31. desember 2017.[4]

Anna

  • Alba vart nominert til «verste kvinnelege skodespelar» for både Fantastic Four og Into the Blue til den 26. Razzie-utdelingen i 2005[5]
  • På E!'s «101 Sexiest Bodies» kom Alba på tredjeplass, etter Brad Pitt på andre, og Angelina Jolie som vann.
  • Fotoet til Alba vart brukt i videospelet Need for Speed: Most Wanted.
  • Bror hennar Joshua opptredde saman med henne i «And Jesus Brought a Casserole», den siste episoden i den første sesongen av Dark Angel, der han spelte Krit, ein av X-5-brørne hennar som ynskte å hjelpa ho å øydeleggja Manticore.
  • Etter Dark Angel farga Alba håret blondt til rolla som Sue Storm i filmen Fantastic Four, ein utsjånad ho har halde på sidan.
  • Ho har ei tatovering av ein tusenfryd med ei marihøne i nakken, ei tatovering av ein sommarfugl like over korsryggen, og dessutan eit sanskritsymbol for «padma» på handleddet
  • Ifølgje eit intervju med Rolling Stone, er måla hennar 34-25-34[6]
  • Playboy har nemnd Alba som ein av dei 25 mest sexy kjendisane, og årets sex-stjerne i mars 2006-utgåva si, eit blad der ho pryda framsida. Alba vart involvert i ei rettssak mot Playboy på grunn av at dei brukte bileta (som var promo-bilete frå filmen Into the Blue) utan hennar samtykke. Ho gav etterkvart opp rettssaka etter at ho mottok ei personleg orsaking frå Playboy-eigaren Hugh Hefner, som òg sa seg villig til å donera pengar til to gode formål som Alba støttar.
  • Ho har vore med i musikkvideoen I just had sex av The Lonely Island og Akon.
Remove ads

Filmografi

Filmar

Meir informasjon År, Tittel ...

Fjernsyn

Meir informasjon År, Tittel ...

Musikkvideoar

Meir informasjon År, Tittel ...

Dataspel

Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads