Jevgenij Zamjatin

russisk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Jevgenij Zamjatin
Remove ads

Jevgenij Ivanovitsj Zamjatin (fødd 1. februar 1884 i Lebedjan, død 10. mars 1937 i Paris) var ein russisk forfattar som er mest kjend for romanen Vi (1920), ein dystopisk satire som var noko av inspirasjonen bak George Orwell si 1984 og visstnok òg Aldous Huxley sin Vidunderlege nye verden. Romanen handlar om eit framtidig totalitært samfunn der menneska nærast er omskapte til robotar. Boka vart først gjeven ut i Sovjetunionen under glasnost i 1980-åra.

Kjappe fakta

Zamjatin slo igjennom med romanen Provinsliv i 1913. Andre satiriske forteljingar var Hulen og Mamaj. Han studerte marinteknikk og jobba med det før hobbyen med å skrive skjønnlitteratur vart fulltidsyrket. Som så mange andre støtta han oktoberrevolusjonen, men kom seinare i unåde hos det nye regimet på grunn av den brysame litteraturen hans. Han emigrerte derfor i 1931 og døydde i Paris i 1937.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads