Jevnaker

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jevnaker
Remove ads

Jevnaker er ein tettstad og administrasjonssenter i Jevnaker kommune med 5 239 innbyggjarar per 1. januar 2024. Tettstaden ligg aust for utløpet av Randselva, sør i Randsfjorden om lag 12 kilometer nordaust for Hønefoss. Jevnaker har jarnbanestasjon langs Roa–Hønefosslinja.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Staden

Thumb
Jevnaker stasjon på Toso

Tettstaden Jevnaker er delt i to. Den vestre delen heiter Nesbakken og blir rekna som sentrum. Denne delen ligg fysisk i sørenden av Randsfjorden, på austsida av utløpet til Randselva. Den austre delen heiter Toso og her finn ein jarnbanestasjonen på Jevnaker.

Jevnaker er kjend for sine lokale glasverk, Hadeland Glassverk frå 1762 og Randsfjord Glassverk, som no er lagt ned. Hadeland Glassverk, som ligg midt i mellom Nesbakken og Toso, er eit attraktivt turistmål. Glasverket produserer framleis krystallglas, men driv òg med andre aktivitetar, som lysestøyperi, aktivitetar for barn, restaurant, utsal m.m. Randsfjord Glassverk låg nord i Toso, eit lite stykke ovanfor jarnbanestasjonen.

Det er stor satsing på turisme ved sørenden av Randsfjorden med 2 nye campingplassar under opparbeiding i tillegg til ein som allereie er open i Sløvika, ca. 10 km nord for sentrum. På Jevnaker finst 3 hotell: Torbjørnrud hotell, mest kjent for regjeringskonferansane sine, Halvorsbøle hotell og Randsvangen hotell.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

«Jevnaker – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads