Hønefoss
by i Ringerike kommune i Buskerud From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hønefoss er ein by og administrasjonssenteret i Ringerike kommune i Buskerud. Fram til 1964 var byen òg eigen kommune.
Hønefoss er ein innlandsby og eit sentralt knutepunkt på Austlandet. Herfrå går mellom anna jarnbane til Bergen, Drammen og Oslo, og til Gjøvik via Roa. Gjennom Hønefoss gjekk dessutan stamvegen (E16) frå Sandvika til Vestlandet via Valdres, og Riksveg 7 til Vestlandet via Hallingdal og Riksveg 35 til Hokksund og Hadeland. Desse vegane går no i hovudsak utanom byensentrum, men Riksveg 35 går framleis gjennom Hønefoss.
Hønefoss fekk bystatus i 1852 og er i dag eit naturleg handelssentrum for follk i kommunane Ringerike, Hole og Jevnaker. Byen ligg som det nordlegate punktet i ein triangel med Drammen i sør og Oslo i søraust.
Det er 17 084 innbyggjarar per 1. januar 2024 i det området som i dag definerast som byen Hønefoss. Dette området er mykje større enn den tidlegare bykommunen.
Remove ads
Kjende personar frå Hønefoss
- Emilie Marie Nereng, skribent kjend som bloggaren «Voe»
Sjå òg
- Hønefossen
- Tettstader i Buskerud
Kjelder
Andre nettstader
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads