Jiaozuo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jiaozuo
Remove ads

Jiaozuo (kinesisk skrift 焦作; pinyin Jiāozuò) er eit byprefektur nord i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i nord grensar mot provinsen Shanxi, ligg ved elva Huang He og like sør for Taihangfjella.

Kjappe fakta Land, Provins ...

Jiaozuo har eit areal på 4 071 km² og hadde vel 3,5 millionar ibuarar i 2010. Jiaozuo er ein av kjernebyane til tettstadområdet Zhongyuan ('den sentrale sletta') og ein regionalt sentral by lang grensa mellom Shanxi og Henan.[2] Byprefekturet omfattar åtte bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).

Remove ads

Næringsliv

Jiaozuo har fleire smelteverk og ein heil del maskinindustri. Jiaozuo kolkraftverk frå 2005 er eit av Kinas mest moderne kraftvarmeverk.

Transport

Jiaozuo er det nordlege endepunktet for jernbanen mellom Jiaozuo og Liuzhou, og det sørlege endepunktet for jernbanen mellom Jiaozuo og Taiyuan. Byen har jernbanesamband til byar som Luoyang, Xinxiang og Nanyang i Henan og Jincheng i Shanxi.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads