Jim Marshall

amerikansk fotograf From Wikipedia, the free encyclopedia

Jim Marshall
Remove ads

James Joseph Marshall (3. februar 193624. mars 2010)[1] var ein amerikansk fotograf, ofte av rockestjerner. Han hadde tilgang til mange musikarar gjennom 1960- og 1970-åra, og var mellom anna bak scenen på den siste betalte konserten til The Beatles i Candlestick Park i San Francisco, og han var hovudfotografen på Woodstockfestivalen.

Kjappe fakta

Han vart hyrt av Atlantic Records og Columbia Records til å fotografere artistane deira. Bileta hans er på plateomslaga til meir enn 500 plater og enno fleire bilete vart publiserte i Rolling Stone.[2] Han fotograferte Jimi Hendrix som sette fyr på gitaren sin på Monterey Pop Festival, og Johnny Cash i San Quentin.[3]

Bileta hans av Neil Young, Janis Joplin, Bob Dylan, Jim Morrison, Allman Brothers, The Who, Led Zeppelin, Grateful Dead, Jefferson Airplane, Guns N' Roses, Santana og The Beatles var med å definere desse og sjølve rock and roll-fotografia i seg sjølv.[2][3] Marshall fotograferte òg jazzmusikarar som Thelonious Monk, John Coltrane og Miles Davis.[3]

I 2014 fekk Marshall posthumt ein Trustees Award (som er ein del av Lifetime Achievement Awards) under Grammyprisutdelinga det året[4]

Remove ads

Personleg liv

Marshall hadde ikkje barn og i 1967 var han kjæraste med Abigail Folger, som vart drepen i 1969 av følgjarne til Charles Manson.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads