Jimmy Carter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jimmy Carter
Remove ads

James Earl Carter II (1. oktober 192429. desember 2024), oftast omtala som Jimmy Carter, var ein USA-amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar. Han er den lengstlevande amerikanske presidenten, og den fyrste som har levd i 100 år.[1] Han døydde den 29. desember 2024, 100 år og 89 dagar gammal.[2]

Kjappe fakta

Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingane knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilte opp i presidentvalet i 1980, men vart slegen av Ronald Reagan.[3]

Etter avgangen som president engasjerte Carter seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.

I 2002 vart Carter tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.

Remove ads

Bokutgjevingar

(utval)

  • Keeping Faith. Memoirs of a President (1982)
  • The Blood of Abraham. Insights into the Middle East (1985)
  • White House Diary (2006)
  • Palestine: Peace not Apartheid (2006)
  • Faith. A Journey for All (2018)

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads